Har du behov for hjelp når du er på hytta?

Du har krav på tenestene du treng i den kommunen du oppheld deg i.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.07.2020

Fylkesmannen får spørsmål frå personar som treng helsehjelp på hytta, men som får avslag grunna koronasituasjonen, utan at det er gjort ei særskilt vurdering av den enkelte.

Det er mogeleg for ein kommune å ta omsyn til smittesituasjonen der det er naudsynt. Kommunen kan likevel ikkje behandle dei som bur i ein annan kommune, og som i periodar kjem på ferie og treng tenester, annleis enn fastbuande. Det er opphaldsprinsippet som gjeld, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1. Ved avslag på tenester, kan ikkje kommunen grunngje avslaget med at vedkommande ikkje bur i deira kommune. Kommunen må ta utgangspunkt i kva hjelpebehov den enkelte har og gjere ei individuell vurdering. Vidare må det gå fram i avslaget kvifor vedkomande ikkje får tenestene/helsehjelpa vedkomande har søkt om.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lovkommentar til helse- og omsorgstenestelova § 3-1

«Det er ikke krav om at personen har fast bosted i kommunen eller fast oppholdssted. Det er heller ikke krav om at oppholdet må vare en viss tid. Ansvaret omfatter således også den som er på ferie, gjennomreise eller av annen grunn oppholder seg mer kortvarig i kommunen. (…). Det er (…) helt klart at en oppholdskommune ikke kan henvise en som søker helse- og eller omsorgstjenester til en annen kommune, f.eks. bostedskommunen.»