«Tre meldingar – felles innsats»

Folkehelsemeldinga, Opptrappingsplanen for psykisk helse og Fellesskap og meistring – bu trygt heime blir tema på ein felles oppstartskonferanse 30. november. Du kan følgje konferansen digitalt.

Publisert 31.10.2023

Konferansen skal bidra til at målgruppene blir kjende med innhaldet i meldingane, og ser korleis innsatsområda i meldinga heng godt saman. For å lykkast med måla og ambisjonane er det nødvendig at mange sektorar jobbar saman: kommunesektoren, spesialisthelsetenesta og sivilsamfunn, men også på tvers av sektorar og nivå i tenestene.

Det er Helse- og omsorgsdepartementet i samarbeid med Helsedirektoratet som arrangerer konferansen. Konferansen er ein hybridkonferanse med moglegheit for både fysisk og digital deltaking. Det er plass til 200 personar for dei som ønskjer å delta fysisk på Gardermoen. Konferansen går føre seg mellom 10.00 og 14.30, og påmeldingsfristen er 17. november.

Meir informasjon om program, praktisk informasjon og påmelding finn du via denne lenkja: Oppstartkonferanse, tre meldinger - Felles innsats - Forside (berg-hansen.no)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.