Ikkje grunnlag for søndagsopne butikkar på grunn av koronaviruset

Fylkesmannen har avslått ein søknad frå Rema 1000 om mellombels dispensasjon til søndagsopne butikkar på grunn av koronaviruset. For allereie eksisterande søndagsopne butikkar, vart det heller ikkje gitt dispensasjon for at butikkane kan få halde hovudlokala opne.

Lov om helligdagar og helligdagsfred har føresegner om opningstider for sal frå faste utsalstader. Utsalsstader skal som hovudregel halde stengt på søndagar.

Fylkesmannen kan gjere unntak når det ligg føre «særlige grunner». I førearbeida og i fråsegner frå departementet er det gitt nærare retningslinjer for når Fylkesmannen kan gje dispensasjon frå lovverket og løyve til at butikkar kan få halde søndagsope.

Rema 1000 har sendt ein likelydande søknad til alle fylkesmannsembeta. Barne- og familiedepartementet har i felles brev til fylkesmennene 18.03.2020, uttalt at det på noverande tidspunkt ikkje er grunnlag for å hevde at det er forsyningskrise i landet. Dei fleste innbyggjarane vil ha moglegheit for å handle i løpet av dei seks ordinære handledagane i veka. Det vert også peikt på at dei ønska positive verknadane av søndagsopne butikkar knytt til å begrense smitte, må vegast mot det behovet dei tilsette har for kvile, reinhald, rydding og etterfylling av varer.

Vår avgjerd byggjer på fråsegna frå departementet. Vi har i tillegg lagt vekt på at det finst andre tiltak som i tilstrekkeleg grad kan redusere faren for smitte, som til dømes å avgrense tal kundar i butikken samstundes og hygienetiltak. I denne samanhengen viser vi også til at det er gitt nye nasjonale retningslinjer for daglegvarebransjen på grunn av den ekstraordinære situasjonen som har oppstått i samband med koronaviruset.

Heile avgjerda kan du lese i lenkja som du finn i høgremenyen. Der finn du også lenkje til lovverk, brevet frå departementet datert 18.03.2020 og dei nasjonale retningslinjene for daglegvarebransjen.