H.M. Dronning Sonja til Opera Nordfjord

Den 4. oktober besøker H.M. Dronning Sonja Opera Nordfjord. Presse som ønskjer å dekke besøket, må vere akkreditert hos Statsforvaltaren i Vestland.

Publisert 29.09.2023

I løpet av besøket vil Dronninga først besøke Kulturhuset Gamlebanken. Dronninga har takka ja til å vere årets operakunstnar, og har stilt ut eigen kunst i galleriet i Eidsgata 10.

Seinare på kvelden vil Dronninga delta på premieren av operaførestillinga Soga om Sol ved Opera Nordfjord. Soga om Sol er ein nyskriven utvandrarmusikal, inspirert av ein spennande eventyrar frå Nordfjordeid.

Under besøket vil det vere reserverte område for pressa.

Akkreditering

Alle journalistar og fotografar som ønskjer å dekke heile eller deler av Dronninga sitt besøk i Nordfjord, må søke om akkreditering til Maria Nesse Haugen hos Statsforvaltaren i Vestland.

Frist for akkreditering er 2. oktober 2023 kl. 16.

Detaljert presseprogram vil bli ettersendt til akkreditert presse.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.