Tilsyn har avdekt alvorlege manglar i arbeidet til barnevernet

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn på bakgrunn av informasjon frå barnevernstenesta om ei overgrepssak. Tilsynet har avdekt alvorlege manglar ved Hardanger barnevern si oppfølging av ein familie.

Publisert 15.02.2024

Ved tilsyn knytt til ei bestemt sak, vurderer vi om barnevernstenesta har behandla saka i samsvar med barnevernslova, og om kommunen sjølv har kontroll med at praksisen i tenesta er i tråd med gjeldande lovkrav.

Temaet i denne tilsynssaka er om barnevernstenesta har gjort det dei etter barnevernslova skal, for å forhindre at barn vert utsette for overgrep frå foreldre og/eller andre, der foreldre er mistenkte eller dømde for overgrep mot barn eller bruk av overgrepsmateriale.

Statsforvaltaren har avdekt alvorlege manglar ved barnevernstenesta sitt arbeid. Lovbrota kan oppsummerast slik:

  • Barnevernstenesta har ikkje undersøkt sakene godt nok for å avklare barnas omsorgssituasjon, og ikkje gjort forsvarlege vurderingar undervegs i arbeidet med saka, med tanke på barnas tryggleik. Dette trass i informasjon barnevernstenesta hadde om risiko for overgrep mot barna, og informasjon som kunne tyde på at dei var utsette for overgrep.
  • Barnevernstenesta har ikkje vareteke barnas rett til å medverke i si eiga sak, og dei har heller ikkje følgt opp bekymringsfull informasjon som dei har fått om barna undervegs i arbeidet med sakene.
  • Barnevernstenesta har vore svært bekymra for barna og barnas behov for beskyttelse, men ikkje sett i verk tiltak i samsvar med bekymringane.

Kommunen har ikkje sikra godt nok mot denne typen lovbrot, og internkontrollen har heller ikkje fanga opp svikt med tanke på korrigering av lovstridig praksis.

Statsforvaltaren skal når det blir avdekt lovbrot, følgje med på at lovstridig praksis vert retta. Vi har bedt kommunen melde tilbake innan 27. mars 2024 om korleis kommuneleiinga vil følgje dette opp. Vidare oppfølging vert bestemt på bakgrunn av den tilbakemeldinga vi får frå kommunen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar