Sameinte råd for breiddeidretten i Sone 1-kommunar er avvikla

Dettte er gjort for å få betre samsvar med nasjonale råd.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.01.2021

Regjeringa sine råd er at organisert innandørs idrett utsetjast til etter 19. januar, medan utandørs idrett kan gjennomførast der det er mogleg å halde avstand. Kommunane har i møte 13. januar bestemt at dei sameinte råda for breiddeidrett i Sone 1 fell bort. Den einskilde kommunen kan likevel ha strengare råd som og har innverknad på utandørsidretten, så ein bør følgje med på deira nettstader.

Dei sameinte råda som ikkje omhandlar breiddeidretten gjeld framleis, og blir vurdert på nytt neste veke.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.