Regjeringa har lagt fram den årlege stortingsmeldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv. Tema i år er digitalisering.

Med stortingsmeldinga vil regjeringa peike på dei mogelegheitene som digitalisering kan gi for samiske språkbrukarar. Regjeringa vil også trekke fram dei gode digitale tiltaka for samiske språk som allereie er i gang.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.09.2020

Mange av elevane som har rett til opplæring i samisk, bor på stader der det ikkje er tilgang på lærarar med nødvendig kompetanse. Då har elevane rett til alternative opplæringsformer, som fjernundervising, intensivopplæring, hospitering eller andre eigna undervisingsformer. For samiske elevar utan moglegheiter for stadleg undervising er fjernundervising den vanlegaste måten å tilby opplæring på.

 

Fylkesmannen skal hjelpe til at samisk språkopplæring for samiske barn i barnehagar og samiskopplæring i grunnopplæringa skjer i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.