Du kan også bidra i kampen mot koronaviruset

Om du har moglegheit til å sykle eller å gå til jobb eller skule bidrar du til mindre trengsel på buss og tog. Dette kan redusere risikoen for at du eller andre blir smitta av koronaviruset.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.08.2020

-Om fleire jobbe frå heimen så hjelp det også. Så om du er arbeidsgjevar og tenker at dine tilsette fint kan jobbe frå heimen, kan det være lurt å gje dei tilsette moglegheita til det ein eller fleire dagar i veka, seier assisterande fylkeslege Mats Foshaug.

Press på skulebussane
Etter at samfunnet gradvis har opna opp og skulane også har opna etter sommarferien har pågangen på kollektivtrafikken auka. Særleg er det press på skulebussane og på dei mest trafikkerte bussrutene i deler av fylket. 

Sjølv om det for tida er lite smitte i Vestfold og Telemark, kan det være lurt at vi saman gjer dei enkle tiltaka som ikkje koste verken oss eller arbeidsgjevaren for mykje. Å gå til jobb, eller å jobbe frå heimen nokre dagar i veka kan for mange være heilt greitt, seier Foshaug.

Oppfordringa frå helseministeren
Vi vil derfor gjenta oppfordringa frå helseministeren: «Vi oppfordrer alle som har mulighet, til å gå eller sykle til jobb og skole. Arbeidsgivere må legge til rette for at halvparten så mange bruker kollektivtrafikk, og statlige og kommunale arbeidsgivere bør gå foran som gode eksempler».

- Om vi alle bidrar med det vi kan, så hjelp vi dei unge til å kome seg trygt på skulen. Vi hjelp også helsepersonell til å komme seg til jobben sin på sjukehuset eller sjukeheimen, utan at dei dreg med seg ny smitte, seier assisterande fylkeslege Mats Foshaug

Du kan lesa meir på FHI sine nettsider

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar