Beredskapslagerets tid er ikkje forbi!

Kommunane i Vestfold og Telemark har i lag med næringslivet, fylkeskommunen og Fylkesmannen byrja å bygge lagre for smittevernmateriell for å dekkja kommunanes behov dersom smitten aukar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.08.2020

Utbrottet av korona syna at samfunnet ikkje hadde tilstrekkelig beredskap med smittevernmateriell i kommunar og på sjukehus.  Lagra skal dekkja kommunanes behov for eigne tenester i sjukeheimar, legevakter, heimesjukepleie, helsestasjonar med meir.

For nokre tiår sidan var lagre av materiell, forsyningar, reservedelar ein systematisk del av beredskapen i kommunar, fylke og nasjonalt. Det var og eit mål at beredskapen vart styrka gjennom spreiing av lagre.  

-Sidan 1990 har forsyningsmodellane og ikkje minst logistikken endra seg i stor grad. Lagre vart bygde ned og prinsippet om «just-in-time» vart akseptert som tilstrekkeleg beredskap. I dag sikrar næringslivet ein aukande del av våre samfunnskritiske tenester, seier fylkesberedskapssjef Jan Helge Kaiser, hjå Fylkesmannen

Når koronaen råka verdssamfunnet sette Helsedirektoratet i gong med ein statleg finansiert forsyningsløysning for smittevernmateriell til kommunar, sjukehus og anna helseteneste. Sykehusinnkjøp A/S fekk i oppdrag å koordinera og kjøpa inn materiell til kommunar og sjukehus. I tillegg har kommunane på eigen hand også skaffa ein del materiell.

I dag har me byrja å bygge lagre for smittevernmateriell nasjonalt og i den einskilde kommune. I tillegg har me i Vestfold og Telemark bygd eit lager som skal væra ein buffer dersom ein eller fleire kommunar kjem i ein situasjon kor eigne lagre ikkje strekk til.

- Eg er særs nøgd med at me på kort tid fekk til eit slikt samarbeid, seier fylkesmann Per Arne Olsen. Lageret gjev god beredskap, men samarbeidet har i seg sjølv ein positiv effekt for beredskapen, og kan nyttast som modell for andre situasjonar.

-Eg vil og leggja til at både politikarar og leiarar i kommunane i større grad må være viljuge til å prioritera beredskap og lagre, sjølv i tronge kommunale budsjett. Det gjeld ikkje berre smittevernmateriell, moglege legemidlar er eit anna eksempel på at me er sårbare, avsluttar Olsen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.