Kommunedialog med kommunebilde

Oppdatert 08.04.2024

Statsforvaltaren har ei samfunnsrolle som gjer at vi kontrollerer og rettleiar kommunane på ei rekkje fagområde, og vi har derfor jamleg dialog med kommunane. Kommunebildet er eit digitalt verktøy vi brukar for å få fram Statsforvaltarens samla kunnskap om ein kommune. Verktøyet gir eit godt bilde av risiko og sårbarheit i kvar enkelt kommune. 

Statsforvaltaren ønskjer kunnskapsbasert dialog med kommunane. Kommunebildet er eit verktøy vi brukar for å danne oss eit inntrykk av risiko- og sårbarheitsfaktorar i ein kommune. Verktøyet bidreg til å gje oversikt på fagområde som helse og omsorg, barnevern, bustadsosialt arbeid, utdanning, kommuneøkonomi, landbruk, miljø og klima, kommunalt planarbeid, sosialtenesta, reindrift (der det er aktuelt), samfunnstryggleik og beredskap. Vi brukar verktøyet til å tilpasse våre verkemiddel til beste for kommunen og innbyggjarane.

Analyse av sårbarheit og risiko

Hovudbildet vi dannar oss av ein kommune er basert på kunnskap og erfaringar vi har fått gjennom analysar, statistikk, tilsyn med kommunale tenester, eventuelle klagesaker vi har behandla og kommunale plan- og styringsdokument. Kommunebildet dannar grunnlaget for dialogen vi har med kommunen.

Norske kommunar har mange oppgåver. Verktøyet vårt er avgrensa til å gjelde tenester og samfunnsoppdrag som vi følgjer opp.

Statsforvaltaren får sine oppgåver frå departement, direktorat og tilsyn. Vi får gjerne signal om kva vi skal leggje vekt på i dialogen med kommunane.

Alle kan sjå kommunebildet

Kommunebildet er tilgjengeleg også for andre interesserte. For kommunetilsette og -politikarar kan kommunebildet gje viktige signal om utfordringar det er viktig å ta tak i. 

Kommunebildet er eit bilde av kommunen på eit gitt tidspunkt. Verktøyet er ikkje alltid oppdatert for alle kommunar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.