Tilskot til art eller naturtype i ditt nærmiljø

Fristen for å søkje tilskot er 15. januar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.01.2013

Miljøvernstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast med miljøvernarbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Miljøverndepartementet ymse former for stønad og tilskot til tiltak som blir sette i verk av kommunar, organisasjonar, private verksemder og privatpersonar.

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak som sikrar prioriterte artar eller utvalder naturtypar  og til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som medverkar til å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for prioriterte artar. I tillegg er det lagt inn spesielle midlar til tiltak for å ta vare på hubro knytt til trugslar frå kraftleidningsnettet.

Målgruppe for ordninga er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå. I tillegg kan privatpersonar, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar (t.d. museum, universitet, landbruksforetak, forskingsinstitusjonar) søkje om tilskot.

Dei prioriterte artane som er aktuelle i Aust-Agder er:

  • klippeblåvinge,
  • elvemusling,
  • hubro
  • rød skogfrue

Dei utvalde naturtypane som er aktuelle i Aust-Agder er:

  • hule eikar,
  • kystlynghei,
  • slåttemark (inkludert lauveng)
  • ålegraseng.

Du kan finne meir informasjon om hule eikar og slåttemark i vårt fylke.

Tiltak som kan få tilskot er skjøtsel (som t.d. rydding, hogst, slått, brenning, trepleie, ringbarking, inkludert utarbeiding av plan for de nevnte tiltaka), biotopforbetrande tiltak, tilpassa driftsform i jord- og skogbruk, tilpassa beiting, restaurering, gjerding, tiltak som fjernar og hindrar spreiing av framande artar,  informasjon retta lokalt/regionalt og  kartlegging i samband med tiltak.

Ordinær søknadsfrist er 15. januar 2013. Søknader sendes gjennom elektronisk søknadssenter .