Nye rettleiande statlege satsar for sosialstønad

Satsane for økonomisk sosialhjelp går opp med 10 prosent frå 1. juli i tråd med Stortingets vedtak om revidert nasjonalbudsjett.

Publisert 26.06.2023

Økonomisk stønad etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga er ei yting som blir fastsett ut frå skjøn. Dei kommunale sosiale tenestene i NAV-kontoret har både rett og plikt til å utøve skjøn når dei vurderer om det skal ytast stønad, og ved utmåling av stønaden. Satsane i dei rettleiande retningslinjene må derfor reknast som eit rettleiande utgangspunkt for det skjønet Nav-kontoret skal gjere.

I ein rettleiar for NAV som vart publisert 16. desember 2022 er det også understreka at satsane berre er rettleiande for utmåling av stønaden, og at dei ikkje kan erstatte individuelle vurderingar. Dersom stønadsbeløpet til ein arbeidsfør mottakar er på nivå med, eller over, kva mottakaren kan vente å få ved å vere i arbeid, må Nav gjere ei særskild vurdering av nivået og kravet til aktivitet.

Barnetrygd skal ikkje telje med i vurderinga

Frå 1. juli 2023 er satsane til einslege 7 550 kroner per månad, 12 600 kroner i månaden til ektepar/sambuarar og 6 350 kroner i månaden til ein person som bur i bufellesskap. For barn er satsen 3 700 kroner i månaden når barnet er i alderen 0–5 år. Rettleiande sats er 3 800 kroner i månaden når barnet er i alderen 6–10 år, og 4 950 kroner i månaden for barn som er i alderen 11–17 år.

Dei rettleiande retningslinjene omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov, som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert ved fastsetjing av dei rettleiande retningslinjene, då dette er utgifter som varierer mykje. Frå 1. september 2022 skal Nav ikkje ta omsyn til om familien har barnetrygd når dei vurderer søknader frå familiar med barn.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.