Høyring om utsleppsløyve for Nedrefoss RA i Øystre Slidre

Høringsfrist:
18. desember 2023

Øystre Slidre kommune søker Statsforvaltaren i Innlandet om løyve til utslepp av avlaupsvatn frå Nedrefoss reinseanlegg. Frist for å gje uttale er 18. desember 2023.

Publisert 17.11.2023

Løyvet det søkast om inneber at dagens anlegg på Beito og Nedrefoss fasast ut, og at alt avlaup samlast for reinsing i eit nytt reinseanlegg på Nedrefoss. Reinsa avlaupsvatn skal sleppast ut i Volbufjorden. Søknadsdokumentet og høyringsbrevet kan lesast til høgre på denne sida, og skal også leggast ut til gjennomsyn hos Øystre Slidre kommune.

Alle kan sende innspel og kommentere søknaden. Høyringsuttalar kan skrivast i skjemaet nedanfor, eller sendast som e-post eller brevpost til Statsforvaltaren i Innlandet, sfinpost@statsforvalteren.no eller Postboks 987, 2604 Lillehammer. Frist for å gje uttale er 18. desember 2023

Høyring - Søknad om utsleppsløyve for Nedrefoss RA