Søknad om løyve - Hartevatn slamhandsamingsanlegg

Høyringsfrist er 10. mai.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.04.2016

Fylkesmannen si miljøvernavdeling har motteke ein søknad etter forurensningsloven §11 jf. §16 om løyve til utslepp av lukt frå handsamingsanlegg for slam lokalisert på Hartevatn. 

Bykle kommune ynskjer å etablere eit slamhandsamingsanlegg knytt til reinseanlegget på Hartevatn. Omsøkt mengde er 1000 m3 avvanna slam pr. år. Handsamingsmetode skal vere langtidslagring, som vil seie at avvanna slam vert lagt i betongbingar og ein gong per år flytta til ein ny binge. Slamanlegget vil gje lukt til omgjevnadene, men ein antek at utsleppet av lukt i hovudsak vert å rekne i dei periodar slammet flyttast frå ei binge til ei anna.

Eventuelle kommentarar kan sendast til Fylkesmannen i Aust og Vest-Agder på e-post til fmavpost@fylkesmannen.no, eller Postboks 788 Stoa, 4809 Arendal innan 10.05.16.