Infoskriv 21. september 2023

  • Kommunesamling i Vennesla 24. oktober
  • Konsesjonsloven for nybegynnere 11. oktober
  • Produksjonssvikt
  • Kva er ein fullstendig gjørdslingsplan?
  • Tilskot til drenering
  • Inndraging av ubenytta LUF-midlar
  • Mattilsynets rutine for informasjonsutveksling i dyrevelferdssaker revidert
  • Gårdskart-aktuelt 5/23
  • Presentasjonar frå møte – jordbruk
Publisert 21.09.2023

Kommunesamling i Vennesla 24. oktober

Kommunesamling landbruk blir i år endagssamling – formiddag med foredrag på Vigeland Hovedgård, lunsj og utferd om ettermiddagen.

Du kan nå melde deg på – påmeldingsfrist er 3. oktober.

Lenke til påmeldingsside

Konsesjonsloven for nybegynnere 11. oktober

Teamsmøte onsdag 11. oktober kl. 09.00–11.00.

Det blir en gjennomgang av hovedreglene i loven og en orientering om rundskrivene til loven. Det blir også litt om forvaltningsloven, særlig om reglene knyttet til behandling av klager og oversending av disse til Statsforvalteren.

Kontakt Torfinn Vollan om du ønsker å bli med.

Produksjonssvikt

Søknader begynner å koma inn.

Me har oppdatert informasjonsartikkelen til søkjarar

Kommunen er presaksbehandlar og skal gå gjennom beite- og fôringsloggar, tal i søknaden og dokumentasjon. Det er tid for å telja rundballar ved innsett.

Les om kommunen sine oppgåver i eigen artikkel

Kva er ein fullstendig gjødslingsplan?

Les om kva som skal vera med i planen. Gjødslingsplan er aktuelt for kommunen å sjekka ved risikobasert kontroll. Det kan dessutan koma inn mangelfulle gjødslingsplanar som vedlegg til søknader om produksjonssvikt – grovfôr med husdyr.

Les artikkel om gjødslingsplan

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Satsen i statleg ordning har auka til 4000 kr per dekar / 61 kr per løpemeter. I tillegg har Agder fylkeskommune løyvd 2 mill. kr og lagt på 2000 kr per dekar / 30 kr per løpemeter.

Lenke til informasjonsartikkel til søkjarar

Satsauken gjeld tiltak som er omsøkt frå 01.07.2023. Søkjarar kan trekkja søknader for tiltak som ikkje er påbegynt.

Lenke til informasjon frå Ldir om kommunen si handtering i AGROS m.m.

Lenke til informasjon frå fylkeskommunen

Inndraging av ubenytta LUF-midlar

Etter årets jordbruksoppgjer blir det ny praksis med at midlar frå fleire ordningar vert inndradd. Dette gjeld tilskot til

  • skogkultur, miljøtiltak og andre tiltak (NMSK)
  • vegbygging, drift med taubane, hest o.a.
  • spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
  • drenering
  • tiltak i beiteområde

Det er viktig at vedtak vert fatta før 10. november.

Les brevet frå Ldir om endringa

Mattilsynets rutine for informasjonsutveksling i dyrevelferdssaker revidert

Mattilsynet her gjort ei lett revidering av rutinen. Dette er ei tydleggjering av kva saker dei skal senda over til oss. Dette har liten betyding for kommunane. 

Les e-posten her

Les heile rutinen på Landbruksdirektoratet sine nettsider

Gårdskart-aktuelt 5/23

En ny utgave av Gårdskart-aktuelt ligger nå på NIBIOs nettsider

Her kan du lese om

  • massivoppdatering av arealtall i Lreg (kontrollgrunnlag for PT-søknader)
  • hva du gjør hvis AR5 er endret i ettertid
  • meldinger i Lreg etter oppdateringene
  • siste nytt i Kilden
  • oppdaterte erosjonskart
  • neste kurs i AR5web

Presentasjonar frå møte – jordbruk

Me har samla i ein artikkel presentasjonane frå gruppemøte jordbruk og diverse temamøte for jordbruksforvaltninga i kommunane.

Sjå plansjane i PDF-format her