Regjeringa foreslår å auke satsane ved produksjonssvikt i jordbruket

Satsane vil auke med anslagsvis 6 prosent. Tilskotstaket blir også auka.

Publisert 18.08.2023

Dei konkrete satsane skal bereknast av Landbruksdirektoratet og blir presentert seinare i haust.

Eksisterande tak for grovfôr, korn og anna frø til modning blir endra frå 750 000 kroner til 900 000 kroner og for frukt, bær, poteter og grønsaker frå 1,5 millionar kroner til 1,8 millionar kroner, i følge forslaget til regjeringa.

I jordbruksoppgjeret i vår vart avtalepartane einige om at fastsetjing av satsar i produksjonssviktordninga skal over i jordbruksavtalen. Nye satsar var planlagt i 2024. No foreslår altså regjeringa nye satsar allereie i år og har informert jordbruksorganisasjonane om dette.

Les meir om saka på regjeringa si nettside