Nytt jordvernbrev: Kommunane må auka innsatsen for å ta vare på matjorda

Kveiteåker ved Birkenes kirke.
Kveiteåker ved Birkenes kirke. Foto: Anne Kari Birkeland / Statsforvalteren i Agder.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad og kommunal- og distriktsminister Erling Sande gjer kommunepolitikarane merksame på ansvaret dei har for at Noreg skal nå målet om å bygge ned mindre matjord.

Publisert 05.02.2024

Stortinget vedtok i fjor ein ny nasjonal jordvernstrategi, etter framlegg frå regjeringa. Strategien inneheld eit nytt og skjerpa nasjonalt mål for omdisponering av dyrka jord og nye konkrete tiltak for å nå målet.

Dei to statsrådane ber kommunane om å vurdere nøye om det er viktige samfunnsomsyn som ligg til grunn når ein går inn for å omdisponere matjord til utbygging og om ein har vurdert alle alternativ.

Les meir på nettsida til regjeringa.

Tid for planvask

I brevet står det mellom anna:

Det viktigaste kommunestyret kan gjere er å sørge for at kommunen har oppdaterte planar som tek arealutfordringane på alvor. I laupet av det komande året skal kommunestyra vedta nye kommunale planstrategiar, der ein vurderer planbehovet framover. Det er viktig at jordvern blir sett på dagsordenen og prioritert i dette arbeidet.