Tilskot innan skogbruk

Skogeigarar kan søkja tilskot til skogkulturarbeid, bygging av skogsvegar m.m.

Kommunen behandlar søknader om tilskot til skogkultur, tynning, miljøtiltak o.a. medan Fylkesmannen behandlar sakene som gjeld vegbygging, drift m/taubane, hest o.a.

Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blir også støtta etterkvart som kommunen står for tur. Skogeigar får dekka 40–50 % av kostnaden med planen. Fylkesmannen administrerer ordninga.