Semje i meklinga om arealdelen for Sunnfjord kommune

I meklingsmøte 10.april vart Sunnfjord kommune og Statsforvaltaren samde om dei attståande motsegnene til arealdelen av kommuneplanen.

Publisert 15.04.2024

Det vart mekla om totalt åtte motsegnspunkt. I all hovudsak gjaldt dette tema knytt til jordvern og landbruksinteresser. Partane løyste alle dei attståande motsegnene.

Dersom kommunestyret sluttar seg til meklingsresultatet kan kommunestyret no eigengodkjenne planen.

Dersom kommunestyret ikkje skulle slutte seg til det som det var semje i meklinga, vil kommuneplanen måtte sendast via Statsforvaltaren til Kommunal- og distriktsdepartementet, KDD, for endeleg avgjerd.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.