Miljø og klima

Oppdatert 20.12.2023

Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

02.05.2024

Rydd vekk pøbelplantar i vårhagen

Våren er ei fin tid å rydde i hagen før vekstane vaknar til live. Har du plantar som risikerer å spreie seg, har du også ansvar for å halde dei innanfor gjerdet. Framande artar på vidvanke er ei stor utfordring for naturmangfaldet verda over, og vi treng di hjelp for å spreie kunnskap om desse. 


30.04.2024

Kva spreieareal får du behov for?

Forslag til ny gjødselbrukforskrift er på høyring, og det er utarbeidd ein enkel kalkulator der gardbrukaren kan rekne ut kva som blir dei nye spreiearealkrava på eigen gard.


29.04.2024

Ope møte om forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde

Statsforvaltaren i Vestland arrangerer eit ope møte om forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde tysdag 7. mai 2024 kl. 11.30 på Hestadgrend bedehus. Alle som ønskjer det, er velkomne.


23.04.2024

Hekketida er i gang – ta omsyn til sjøfuglane!

I april startar sjøfuglane førebuingane til årets hekkesesong, og forbodet mot å gå i land i sjøfuglreservata langs kysten tar til å gjelde igjen. Men omsyn til hekkande fuglar bør ein ta både i og utanfor verna område.


18.04.2024

Ragn Sells søkjer om endring av løyvet til avfallsanlegget på Eldøyane

Ragn Sells AS avdeling Sunnhordland har søkt Statsforvaltaren i Vestland om endring av løyve etter forureiningslova for anlegget på Eldøyane, Stord.


17.04.2024

Søknad om utfylling i sjø, Kystbyen AS i Kinn kommune

Kystbyen AS søkjer om løyve til utfylling av ca. 100 000 m3 massar i område B8 – B9, Stranda i Kinn kommune. 


12.04.2024

Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn til Hundvikfjorden Bremanger

Firdakraft AS søkjer om utsleppsløyve etter forureiningslova § 11 for midlertidige utslepp i anleggsperioden for Nye Øksenelvane kraftverk, Bremanger kommune. Dette gjeld partikkelutslepp frå tunneldrift, nitrogenutslepp frå uomsett sprengstoff, høg pH ved bruk av sementprodukt og fare for oljeutslepp.


12.04.2024

Søknad om utfyllingar i sjø- Nye Øksenelvane kraftverk i Bremanger

Firdakraft AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø på tre lokalitetar for å vinne nytt landareal i Bremanger kommune. 


10.04.2024

Søknad om anleggsarbeid i sjø - utviding Flåm cruisekai Aurland

Aurland Hamnevesen KF skal utvide cruisekaia i Flåm frå 110 meter til 185 meter ved å etablere tre nye cellespuntar. 


08.04.2024

Kunngjering av løyve til mottak av asfalt på Årsnes i Kvinnherad

Dimmelsvik entreprenør AS har fått løyve til mottak av brukt asfalt på Årsnes i Kvinnherad kommune. 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel