Endra tilskot for miljøvennleg gjødsling nær vassdrag

Regionalt miljøprogram har gode tilskotsordningar for gjødselhandtering. Frå i år er det endringar for kven som kan søke på tiltaka. Sjekk før vårgjødslinga om du kan søke!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.04.2023

Her er nokre sentrale endringar omtalt. Sjå fullstendige vilkår i lenke til tilskotsomtalane.

Kantsone i eng

Kvart føretak kan få tilskot inntil kr 22 500 for å halde større avstand til vassdrag ved bruk av husdyrgjødsel, mineralgjødsel og plantevernmiddel.

Nokre viktige endringar sidan i fjor:

  • No er det mogleg å søkje tilskot i 91 nye område
  • Nokre vassdrag frå tidlegare år er ikkje lenger med i ordninga
  • Tiltaket gjeld enkelt-vassførekomstar med behov for jordbrukstiltak, sjå kart! Tidlegare var tilskotet vore knytt til heile vassdrag.
  • I vassdrag med elvemusling gjeld tiltaket derimot framleis i heile nedbørsfeltet til vassdraget, altså langs alle elvar, vatn, bekkar og kanalar som drenerer til same elva

Spreiing av all husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen

Nær elvemuslingsvassdrag kan føretak få tilskot inntil kr 45 000 for å spreie all husdyrgjødsla innan 10. august. Ein kan i tillegg søkje om RMP-tilskot til kantsone i eng.

Nokre viktige endringar sidan i fjor:

  • Tiltaket gjeld no berre føretak med mjølkekyr
  • Ordninga er utvida med 5 elvemuslingsvassdrag

Nedlegging av husdyrgjødsel, nedfelling og spreiing med tilførselsslange

For desse tiltaka er det berre mindre endringar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.