Forslag til nye vernereglar og vernegrenser for Herdla naturreservat

Høyringsfrist:
15. juni 2024 23:59
ei øy sett frå lufta
Herdla sett frå fly. Bilete frå 2012. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Vi legg no forslag til endra vernegrense og vernereglar for Herdla naturreservat og fuglefredingsområde ut til offentleg ettersyn. Vi har også laga ein besøksstrategi for området. Frist for å komme med uttale er 15. juni. 

Publisert 22.03.2024

Statsforvaltaren i Vestland legg forslag til ny verneforskrift og nye grenser for Herdla naturreservat ut til høyring. Vi foreslår at dagens fuglefredingsområde blir inkludert i naturreservatet, i tillegg foreslår vi ei utviding av det eksisterande verneområdet og endra vernereglar.

Når vi no legg dette ut til høring er det med bakgrunn i tidlegare prosess, og etter oppdrag frå Miljødirektoratet.

Vi viser til det vedlagte høringsnotatet som skildrar forslaget vårt og bakgrunnen for dette.

Vi har også utarbeidd ein besøksstrategi. Her skildrar vi aktivitetar og problemstillingar som er grunnlag for mange av dei endringsforslaga vi legg fram. Sjå alle dokumenta våre i fana til høgre. 

Frist for å kome med innspel er 15. juni

Om du har innspel til denne høyringa kan du anten sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no.