Tredobling av fruktproduksjonen i Rogaland på ti år

Aromaeple hos Ryfylkefrukt SA
Aromaeple hos Ryfylkefrukt SA Foto: Kari Sand.

Sidan 2014 har rogalandske fruktbønder auka leveransane av frukt til grossist frå 395 tonn til 1 316 tonn i 2023.

Publisert 11.04.2024

Produksjonen av eple, pærer, plommer og morellar låg stabilt på 350 – 400 tonn pr år frå 2006 til 2014. I tillegg kjem frukt som er levert til direktesal, juice, saft og sider som ikkje har vore innom fruktlager og andre grossistledd.

Kategorien som har auka mest er eple og pærer til press. Fruktmost-produksjonen i Rogaland starta i det små rundt 2010. Først i 2011 er det registrert leveranser på 93 tonn som har auka til 529 tonn i 2023, - ein femdobling! Epleavlingane har i perioden 2014 – 2023 blitt meir enn fordobla frå 253 til 644 tonn.

imageyevr.png

Data henta frå Produksjonstilskot 2023, Landbruksdirektoratet.

Frå pessimisme til satsing

Fruktproduksjon i Rogaland var fram til 2014 prega av pessimisme. Både fruktareal og tal dyrkarar var halvert på 15 år, og det var stagnasjon i avlingsmengd, lite fornying og investering og vanskar med rekruttering. Det fekk Rogaland frukt- og bærdyrkarlag, kommunane gjennom Ryfylke IKS og Fylkesmannen  i Rogaland (nå Statsforvaltar) til å gå saman om ei fruktsatsing for å stimulere til auka produksjon. Satsinga var og forankra hos mottakar COOP, som den gong var åleine om mottak av frukt frå Rogaland. I seinare år har og BAMA vore involvert på utviklings- og mottakssida. 

Vi arrangerte fleire mobiliseringssamlingar – fruktsafari - og det blei laga eit kriteriedokument for investeringstilskot i samråd med Innovasjon Norge. Sidan 2014 har fruktproduksjon hatt prioritet i den regionale partnarskapen ved tildeling av midlar. Midlane er brukte til kvalitets- og kompetanseheving, og til fornying eller nyinvestering.

Revitalisering til det beste for forbrukaren

- Vi i frukt-og bærdyrkarlaget er sjølvsagt glade for å sjå desse tala. For oss er det viktig å oppretthalda eit godt fagleg miljø i næringa slik at me heile tida er oppdaterte og kan optimalisere produksjonen. Her har integrert plantevern, gjødsling og haustetidspunkt særleg fokus. Nye måtar å lagre frukta på gjere også at forbrukaren kan nyta norsk frukt fram til påske, det gjeld berre å vere bevisst når ein er i butikken, kommenterer Siw Lambersøy (leiar) og Anne Norunn Helgøy (nestleiar) i Rogaland frukt- og bærdyrkarlag.

Stolt av resultata

Frå 2014 og fram til 2022 blei det planta over 500 dekar eple og 100 dekar morellar i tunnel. 20 heilt nye fruktdyrkarar og 12 av dei «gamle» fruktprodusentane dyrkar no etter tett-plantingsprinsippet der dei kan få over 3500 kg eple pr dekar. Årleg verdiskaping er utrekna til minst 43 millionar kroner i fruktnæringa.

I tillegg til investeringar i driftsapparatet, har det og vore ei formidabel utvikling av produkt i segmentet sider og eplemost. Og nokon satsar og på servering og gardsutsal.

Etter kvart blei det behov for å bygge nytt fruktlager i Årdal i 2017 som eit direkte resultat av satsinga, som seinare har utvida lagerkapasiteten.

Assisterande landbruksdirektør Anfinn Rosnes seier at dette er ei gladsak som fortener merksemd, særleg i ei tid med fokus på produksjon av grønt og auka sjølvforsyning.

- Rogaland har eit godt klima og jordsmonn til produksjon av frukt og bær, både i Ryfylke, Dalane og på Haugalandet. Vi har gode grundermiljø som mellom anna er bygd opp gjennom teknologiutvikling i veksthusnæringa. Før drog vi til Hardanger for å lære om fruktdyrking, nå kjem dei til oss, seier Anfinn Rosnes.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.