Roglandsbonden får produsera meir kumjølk i 2024

Det er behov for meir kumjølk i 2024

Landbruks- og matdepartementet har fastsett forholdstalet for disponibel mjølkekvote for kumjølk til 1,04 for 2024. Dermed kan mjølkeprodusentane produsera meir mjølk inneverande år, og auke lønsemda i drifta.

Publisert 05.03.2024

Gjennom ekstraordinære kvotedrøftingar for 2024 mellom Landbruks- og matdepartementet, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, blei det vedteke å auke forholdstalet for disponibel mjølkekvote for kumjølk til 1,04. Det betyr at alle mjølkeprodusentar med disponibel kvote får produsera meir mjølk inneverande år.

Behov for meir kumjølk

Ifølgje referatet frå kvotedrøftingane er det meldt inn behov for meir mjølk frå uavhengige aktørar i mjølkemarknaden og Tine Industri. Tine, som er marknadsregulator, har berekna eit råstoffbehov på 1 439 millionar liter. Det gjev ein auke på 25 millionar liter kumjølk, samanlikna med det som blei lagt til grunn ved fastsetting av mjølkekvote i november 2023. I november blei forholdstalet disponibel mjølkekvote for kumjølk sett til 1,02. Volumet inkluderer import av mjølkepulver tilsvarande om lag 8 millionar liter mjølk.  

Tine presiserte at det er vanskeleg å prognosera tilførsel og etterspurnad, og det vil bli gjort ny vurdering av forholdstalet før sommaren. Dei andre organisasjonane tilrådde å auke forholdstalet av disponibel kvote til 1,05.

Gledeleg for Rogalandsbonden

Ifølgje statistikk frå Landbruksdirektoratet har roglandsbøndene ein disponibel kvote på nesten 289 millionar liter kumjølk for 2024 delt på 1015 produsentar. I 2023 var disponibel kvote 260 308 liter delt på 1035 produsentar. Det betyr at det er mogleg å auke mjølkeproduksjonen med om lag 19 millionar liter kumjølk i Rogaland. Dette er og positivt for å kunne auke lønsemda i mjølkeproduksjonen.

Referatet frå kvotedrøftingane kan du lesa her.

 

Tabellen under viser statistikk over disponibel kvote for kumjølk i 2023 og 2024 i Noreg. Tala er gitt av Landbruksdirektoratet. 

  2024 2023
Produksjonsregion Tal produsentar Disponibel kvote Tal produsentar Disponibel kvote
Tidlegare Østfold og Vestfold 151 53 418 868 152 49 799 857
Oslo og tidligere Akershus 96 29 654 654 98 27 725 189
Tidlegare Hedmark 393 92 863 530 404 86 583 492
Tidlegare Oppland 841 181 078 179 856 168 776 679
Tidlegare Buskerud 144 35 594 433 150 33 208 289
Tidlegare Telemark 73 14 641 348 76 13 636 586
Agder 263 49 596 708 266 46 494 053
Rogaland 1015 288 944 307 1035 269 419 007
Vestland 993 190 273 350 1014 177 678 804
Møre og Romsdal 587 149 545 381 596 139 392 230
Trøndelag 1265 354 432 820 1291 330 608 165
Nordland 432 112 219 975 445 104 887 462
Tidlegare Troms 154 37 112 126 160 34 711 804
Tidlegare Finnmark 84 23 291 121 86 21 692 752
Sum 6 491 1 612 666 800 6 629 1 504 614 369

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.