Kusignal og dyrevelferd i høgsete

Inga Skretting Timpelen og Lars Byberg Timpelen held føredrag på Landbrukskonferansen 2024
Inga Skretting Timpelen og Lars Byberg Timpelen held føredrag på Landbrukskonferansen 2024 Foto: Anfinn Rosnes.

Gode, friske dyr og best mogleg produksjon er mantraet til Inga og Lars, som driv garden Timpelen Ku. For dette arbeidet fekk dei TINE sin dyrevelferdspris for 2023.

Publisert 12.03.2024

Under Landbrukskonferansen 2024 i Stavanger fortalde dei om interessa for og vektlegging av dyrevelferd i den daglege drifta for å oppnå best mogleg produksjon og lønsemd.

Timpelen Ku

Garden til Inga Skretting Timpelen og Lars Byberg Timpelen heiter sjølvsagt Timpelen, og den ligg i Sola kommune. Etter at begge var ferdige med landbruksutdanning i Trøndelag, leigde dei frå 2007 ein gard på Fossan i Forsand. Her dreiv dei i 6,5 år før dei tok over Timpelen, heimagarden til Lars, og kjøpte mjølkekvote. Garden var på 70 dekar og hadde ikkje eigna bygningar til mjølkeproduksjon. No driv dei 420 dekar med grovfôrproduksjon og produserer om lag 550 tonn mjølk kvart år, derav 300 tonn frå eigen kvote.

Tenk dyra sitt beste ved planlegging!

Dei brukte mykje tid på planlegginga av nytt fjøs for å finne gode løysingar for dyra, og dei reiste til Irland, Danmark, Nederland og Finland for å hente ny inspirasjon. Dei la stor vekt på kusignal i utforminga av nytt fjøs, og meiner at det ikkje er nok merksemd på kusignal i Noreg.

- Noreg er ikkje i front når det gjeld dyrevelferd samanlikna med andre land i Europa, seier Inga og Lars.

I 2013 bygde dei nytt, uisolert mjølkefjøs med sand i liggebåsane. Dette var nytt i Noreg, og berre Andreas Joa hadde installert dette før dei. Sand er det beste for dyra då det er eit uorganisk materiale som gir mindre bakterievekst. Dette er gunstig med tanke på jurhelse og klauvhelse, meiner dei to. Utfordringen er at det er litt meir klatt med utstyr og gjødselhandtering.

God økonomi med full produksjon

Dei tok med seg dyra frå Forsand og var i full produksjon frå dag èin. I fjøset er det eteplass til kvar ku, gummi på spaltene, og dei har lagt vekt på breiare gangar og båsar enn minstekravet for at dyra skal ha det best mogleg. Kalvingsgarden er stor og med plass til fleire dyr, og på utsida er det ein luftegarde som og blir brukt til kalvingsgarde sommarhalvåret.

- Vi har valgt å bygge for å tene pengar, ikkje for å spare pengar, seier Lars Byberg Timpelen.

Dyra skal ha det godt - dyra har eigenverdi 

Det er driftsfilosofien deira. Dei er opptekne av å produsere eit godt fôr og få mest mogleg avling ut av arealet som dei disponerer. Inga og Lars er småbarnsforeldre, så drifta må derfor vere tidseffektiv. Eit anna viktig punkt for dei er påfyll av kunnskap.

Avl – ein nøkkelfaktor

Haldbare, friske og høgtproduserande kyr kjem ikkje av seg sjølv. Inga og Lars har i alle år vore opptekne av avl, og er sterkt engasjerte i avlsorganisasjonen Geno. På veggen i fjøset heng diploma for godt avlsarbeid med bilete av 100-tonnarar.  Hovudsakleg har dei NRF-kyr som leverer over 12 tonn EKM pr år i snitt med eit kraftfôrforbruk som berre er 2/3 av landssnittet!

Regelverk som ikkje stimulerer til berekraftig produksjon

Frå scena utfordra dei byråkratar og politikarar til å sjå nærare på regelverket for produksjonstilskot. Slik det er nå tel ikkje kyr som ikkje har kalva dei siste 15 månadane som mjølkekyr - sjølv om kua produserer godt med mjølk. Dette kan medføre at gode, haldbare produksjonsdyr blir utrangerte. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.