Kommunar og vaktdistrikt kan no søkje om stimuleringstilskot for å sikra veterinærtenester

Lausdriftsfjøs i Bjerkreim kommune.
Lausdriftsfjøs i Bjerkreim kommune. Foto: Monica Dahlmo.

Tilskotet skal bidra til å sikra tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell på dagtid i næringssvake område. Frist for å søkje er 5. april!

Publisert 08.01.2024

Stortinget har løyva totalt 35,722 millionar kroner i stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2024. Rogaland blei tildelt 623 000 kroner i stimuleringstilskot til fordeling til kommunale veterinærtenester. Dette er ein auke på 40 000 kroner frå 2023. Desse midlane skal gå til stimuleringstiltak som kan bidra til tilfredsstillande tilgang på veterinærtenester i kommunar der næringsgrunnlaget for veterinærar er svakt.

Alle kommunar kan søkje, men Statsforvaltaren skal fordele midlane der det er størst behov. Fleire kommunar kan samarbeide og sende felles søknad for eit vaktdistrikt. I slike tilfelle skal administrasjonskommunen søkje.

Kommunen sitt ansvar

Kommunane skal lyse ut ordninga og sette frist for veterinærar til å søkje om stimuleringstilskot. Kommunen søkjer stimuleringstilskot på vegne av kommunen eller vaktdistrikt. 

Frist søknad og rapportering 

Kommunen søkjer om stimuleringstilskot samt rapporterer om brukte tilskotsmidlar i 2023 via Altinn. Skjemaet heiter "Stimuleringstilskudd til veterinærdekning". Frist for søknad om tilskot samt rapportering om brukte midlar i 2023 er sett til 5. april 2024

Prioriteringar for tilskot

Statsforvaltaren vil prioritere stimuleringstilskot til:

  • kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar og/eller med lågt dyretal og krevjande infrastruktur.
  • kommunar som har vanskar med å rekruttere og halda på veterinærar, og som har, eller vil, etablere hensiktsmessige tiltak for å avhjelpe situasjonen.
  • der stimuleringstilskotet er hensiktsmessig for å bidra til å sikra tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.

Endring frå 2024

Frå 2021 blei det innført ein prøveordning med at kommunar som har hatt utfordringar med å skaffe nok veterinærar til å delta i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid, kunne stille krav om vaktdeltaking for at veterinærane skal kunne få stimuleringstilskot. Ein føresetnad er at midlane blir brukt i tråd med føremålet med stimuleringstilskotet. Denne ordninga blir permanent frå 2024.

Vi viser til utfyllande informasjon i rundskrivet som er lenka til denne sida. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.