Sau på kino

Kinofilm om landbruk og sau? Ja takk! Dokumentarfilmen SAU har premiere over heile landet fredag 26.januar. 

Publisert 22.01.2024

Den 26. januar har filmen Sau premiere på fleire kinoar i Noreg, det er ein film som burde vere interesant for fleire. 

Sau handlar om eit småbruk i Nordland kor dotter skal overta drifta etter far. Filmen handlar om tradisjon og overlevering av kunnskap, og om å finne si eiga veg i nokon andres fotspor.

Og, den handlar om sau!

Dette er ein feel good-film om ein meir og meir sjelden måte å drive gard på. Publikum blir sjarmert, men slått i hjarta på same tid. Filmen har vekt stor interesse, både innlands og utlands allereie.

Sau har premiere på kino over heile landet fredag 26. Januar! 

Sjekk med din lokale kino om dei skal vise den.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.