Bønder får kompensasjon for ikkje å produsere egg

Dette er eit grep som Omsetningsrådet gjer for å få bukt med overproduksjonen av egg, og er ei frivillig ordning for midlertidig opphald i eitt år i eggproduksjonen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.11.2022

I følgje Totalmarked Nortura har Omsetningsrådet vedtatt å kompensere 13 bønder på landsplan for å ikkje produsere, og kvar av dei får 850 000 kroner. I vår region «sør og vest» er det 5 eggprodusentar som er med i ordninga.

Totalmarked Nortura forventar eit overskot i 2023 på 2600 tonn egg, og at det må fleire tiltak til utover auke i omsetningsavgifta som blei innført 1. juli i år for å redusere produksjonen. Målet med denne kompensasjonsordninga er å redusere volumet med 1500 tonn egg. Anna tiltak har vore førtidsslakting av høns og destruering av egg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.