Kor tidleg kan barnet byrje på skolen?

Nokre barn er komne så langt i utviklinga si allereie som 4- og 5-åringar at foreldra lurer på om det ville ha vore det beste om barnet fekk byrje på skolen tidlegare enn dei jamnaldrande. Opplæringslova § 2-1 gir høve til dette, men visse vilkår må vere oppfylte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.09.2015

I lova står det slik:

Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1.april har fylt 5 år.

To vilkår 

Det er altså to vilkår som må vere oppfylte; at barnet er fylt 5 år før 1.april, og at sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet er tilstrekkeleg modent. Desse krava er absolutte. Det vil seie at viss barnet fyller 5 år etter 1. april, er det ikkje naudsynt for kommunen å gjere ei sakkunnig vurdering. Uansett konklusjon i denne, vil barnet vere for ungt til å byrje tidlegare på skolen.

Kommunen må fatte vedtak

Sjølv om begge desse vilkåra er på plass så kan kommunen velje å avslå ein søknad frå foreldra. Dette har kommunen rett til å gjere, så lenge dei handsamar like tilfelle likt og elles følgjer forvaltningsrettslege reglar for sakshandsaming. Kommunen skal fatte eit vedtak om dette, og det gjelder enten søknaden blir innvilga eller den blir avslått.

Høve til å klage

Når det blir fatta eit slikt vedtak, har du som forelder høve til å klage. Klagen sender du i fyrste omgang til kommunen som har fatta vedtaket. Dersom kommunen ikkje vel å gjere om vedtaket, går klagen vidare til Fylkesmannen for endeleg handsaming.

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar