Auka tap til freda rovvilt i 2023

Fleire har søkt om rovvilterstatning i 2023, og både til jerv og gaupe er det vesentleg større tap enn i 2022. Fjord og Rauma har dei største tapa til jerv. Tingvoll har to tredelar av omsøkte tap til gaupe i fylket.

Publisert 07.11.2023

Statsforvaltaren har ved søknadsfristen 1. november mottatt 59 søknader om erstatning for 1 473 sau og lam drepne av freda rovvilt i 2023. Dette er ein auke på 14 søknader, og 379 dyr frå 2022. Auken i tapte dyr er særleg stor i Tingvoll og Rauma. Også Surnadal, Sunndal, Molde, Vestnes og Stranda har auka tap. Fjord er einaste kommunen med nedgang i omsøkte tap.

Totalt for fylket er det søkt erstatta 1018 sau tapt til jerv, ein auke på 174 dyr frå 2022. Hovudtyngda av tap til jerv ligg som tidlegare i kommunane Fjord og Rauma, som til saman har 692 tapte dyr.

Søknader om erstatning for tap til gaupe er på 434 sau og lam, ein auke på 200 dyr sidan 2022. Tingvoll står med 293 dyr for to tredelar av tapa til gaupe i Møre og Romsdal i 2023.

For kongeørn er det søkt om erstatning for 13 lam i Molde, 6 i Rauma og 2 i Sunndal kommune.

Under Dokument i menyen til høgre finn du tabell og figurar med oversikt over søknadstala. Fordelinga av erstatningskravet på dei ulike rovviltartane er gjort av saueeigarane ved innsending av søknad om erstatning for tap til rovvilt.

Søknadene om erstatning vil som utgangspunkt bli handsama før årsskiftet. 

Figuren viser korleis dei omsøkte tapa i 2023 fordelar seg mellom beitekommunane.