Informasjon om naturtypekartlegging i Rogaland sommaren 2015

Vi gjennomfører sommaren 2015 naturtypekartlegging i hovudsak av kystlynghei i heile fylket, men og av store eiker, skog og andre naturtypar. Tidspunkt for kartlegginga er avhengig av framdrifta i arbeidet, været m.m. og vi orienterer difor grunneigarar og andre med denne kunngjeringa.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.07.2015

Miljødirektoratet kartlegg dessutan kalkskog, strandeng og sanddynemark.

Områda for kartlegging går fram av karta i høgremenyen. 

Om kartlegging av kystlynghei

Etter at Fylkesmannen og Bioforsk hadde gått gjennom alle kartlagde kystlyngheiområde i Naturbasen i Rogaland, har Miljødirektoratet bestemt at 19 område skal kartleggast på nytt  på grunn av ulike manglar i datagrunnlaget.

Verdien av desse er sett ned til C-lokal verdi i påvente av nye data. Desse områda har difor ikkje status som utvald naturtype før kartleggingane evt. påviser at dei har verdi A (svært viktig) eller B (viktig). Brukarar som skjøttar nokon av desse områda etter skjøtselsplan og mottek tilskot frå Regionalt miljøprogram kan likevel få tilsvarande tilskot i 2015 som i 2014 dersom skjøtselen i samsvar med planen er vidareført.

Ecofact AS vil kartlegga (etter Handbok nr 13 Direktoratet for naturforvaltning) 10 område som har første prioritet, 9 område som har andre prioritet, dessutan eit ikkje tidlegare kartlagt område.  

Kartlegging av store eiker

Ecofact AS gjennomfører  kartlegging i Finnøy  og Rennesøy kommunar av store eiker (etter Handbok nr 13 Direktoratet for naturforvaltning) for Fylkesmannen og Finnøy kommune. Det som skal kartleggast er i hovudsak eiker med omkrins over 2 m i brysthøgd og hole eiker med omkrins over 130 cm i brysthøgd.

I Finnøy vert dei veglause øyane prioritert. Det er høve til å søka tilskot for å ta vare på og skjøtta store eiker frå Miljødirektoratet eller gjennom SMIL-ordninga i landbruket. Feltarbeidet er i hovudsak ferdig.

Anna naturtypekartlegging i Rogaland

Rådgivende Biologer AS vil gjennomføra naturtypekartlegging for Fylkesmannen (etter Handbok nr 13 Direktoratet for naturforvaltning) utanom verneområda i Nord-Rogaland i kommunane Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord. Kartlegginga gjeld tidlegare kartlagte område med ulike manglar, med hovudvekt på skog. 18 område har første prioritet, 22 har andre prioritet og 15 har tredje prioritet.

Ecofact AS gjennomfører tilsvarande kartlegging i Ryfylke Jæren og Dalane. 10 område har første prioritet og 9 har andre prioritet

Kart og faktaark av område/eiker som er kartlagt tidlegare og importerte i Naturbasen finst tilgjengeleg på kartportalen Temakart Rogaland (Natur/Utvalde naturtypar/Viktige naturtypar), Naturbase eller på Gardskart. Ein del område er dessutan kartlagde i 2013, men ikkje importerte kart. 

Vi mottek gjerne framlegg til område som bør kartleggast og vil då vurdera om dei kan dekkast alt i år.

Spørsmål og innspel  om desse kartleggingane kan rettast til:

Kartlegging av kalkskog

Miljøfaglig utredning  kartlegg kalkskog i fleire fylke for Miljødirektoratet. Fylkesmannen har kome med framlegg til kartleggingsområde  ut frå kjende funn av kalkkrevjande planter ,  berggrunn og manglande kartleggingsdata (sjå kart). Grunneigarane får eige brev om dette.

Kartlegging av strandeng og sanddynemark

Desse naturtypane vil bli kartlagt utanom verneområde, for Miljødirektoratet etter ein ny metode - «Natur i Noreg» (NIN).

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.