Verjerekneskap - utvida rekneskapsplikt

Den som leiger ut fast eigedom eller driv næringsverksemd for ein person han eller ho er verje for, har såkalla utvida rekneskapsplikt. Frist for innsending er 30.juni.

I slike tilfelle skal verja, i tillegg til det som er ordinær rekneskapsplikt, sende inn dette:

  • Kopi av rekneskap som viser inntekter og utgifter ved utleigeverksemda. Den som leiger ut fast eigedom for mindreårige, sender kun rekneskap over utleigeverksemda, og eventuelt bankkontoutskrifter dersom det er oppretta særskilt bankkonto for drifta. Kontoutskriftene skal signerast av verja.

  • Kopi av rekneskap for næringsverksemda, det vil seie næringsskjema og andre likningsskjema som ein sender skatteetaten i tilknyting til næringa.

Det skal ikkje sendast inn andre vedlegg til rekneskapen. Fylkesmannen vil eventuelt seinare kunne be om enkeltvedlegg.