Val av verje

Dersom Statsforvaltaren opprettar verjemål for ein person, må det også oppnemnast ei verje. Ei verje er ein person som hjelper verjehavar med det han eller ho ikkje klarer sjølv.

Kven kan vere verje

Ulike typar verje

Vil du byte verje?

Kven kan vere verje

I vurderinga av kven som skal vere verje, skal Statsforvaltaren legge vekt på den verjetrengande sitt behov og omfanget av verjemålet. Det er elles opp til Statsforvaltaren å avgjere kven som skal oppnemnast. Vi har ansvaret for å finne nokon som kan ta hand om interessene til verjehavaren på ein god måte.

Den som skal vere verje må 

  1. vere eigna for oppdraget og samtykke til å vere verje
  2. vere over 18 år
  3. ikkje sjølv ha verje

Verja kan vere barn av eller foreldre til den som har verje, eller det kan vere søsken, ein slektning, venn, nabo eller ein annan personen med verje kjenner og har tillit til. Dersom ingen kan eller vil vere verje, kan Statsforvaltaren oppnemne ei av våre faste verjer.

Verje må legge fram politiattest og Statsforvaltaren vil gjere ei kredittvurdering av verje. Vi vil også ha ein telefonsamtale med aktuell verje for å informere vedkommande om verjerolla og kva plikter verje har.

Det er ikkje krav om politiattest for ektefelle, sambuar, barn eller barnebarn av, foreldre eller søsken til personen med verje.

Statsforvaltaren oppnemner som hovudregel berre ei verje, men dersom det er føremålstenleg, kan vi vurdere å oppnemne to verjer.

Ulike typar verjer

Ektefelleverje er verje for sin ektefelle eller sambuar. Det er ikkje krav om politiattest og kredittvurdering for denne typen verjer, og dei har som regel fritak frå rekneskapsplikta. Ektefelle er også friteken frå å søke om vårt samtykke til ulike disposisjonar. Unntaka er kjøp eller sal av eigedom eller rettar til eigedom, hefte på fast eigedom eller å stifte gjeld på vegner av verjehavar. 

Nærståande verje er barn av eller foreldre til den dei er verje for. Det er krav om kredittvurdering, men ikkje politiattest for nærståande verjer. Dei har rekneskapsplikt og må søkje oss om samtykke dersom verje skal gjere disposisjonar på vegner av verjehavar.

Alminnelege verjer er dei som har teke på seg å vere verje, men som ikkje er ektefelle, nærståande til verjehavar eller fast verje. Dette kan vere søsken, barnebarn, annan slektning, venn, nabo eller andre. Alminnelege verjer, med unntak av søsken og barnebarn til verjehavar, skal levere politiattest før oppnemning. Krav om kredittvurdering gjeld for alle alminnelege verjer.Dei lyt også søke oss om samtykke til ulike disposisjonar han eller ho skal gjere på vegner av personen med verje.

Statsforvaltaren har til ei kvar tid eit korps av faste verjer som kan ta på seg oppdrag som verje for personar som ikkje har andre som kan ta på seg oppdraget. Desse har levert godkjent politiattest og kredittvurdering, har gjennomgått opplæring som verje og har ofte særskilt yrkeserfaring som er nyttig i eit verjeoppdrag.

I nokre tilfelle kan vi unntaksvis oppnemne ei advokatverje. Dette gjer vi berre dersom ein vesentleg del av oppdraget krev juridisk kompetanse. Den føretrekte løysinga er at ein får oppnemnt fast verje og at denne engasjerer advokat dersom der er behov for det.

Vil du byte verje?

Du kan be om å få bytte verje dersom du ikkje er nøgd med den verja du har. Dersom du ønskjer å bytte verje, kan du skrive brev om dette til

Statsforvaltaren i Vestland
Verjemålsseksjonen
Postboks 7310
5020 Bergen

Er det vanskeleg å skrive brev, kan du be nokon du kjenner å hjelpe deg. Verje skal også kunne hjelpe deg, sjølv om det kan vere vanskeleg å spørje verje om hjelp til akkurat dette.

Når vi får melding om behov for byte av verje, sender vi først varsel om dette til deg som har verje, til verja di og i nokre tilfelle til barna dine over 18 år eller foreldra dine. Dei som får varsel får ein frist på to veker til å kome med tilbakemelding, forslag til ny verje eller liknande.

I dei fleste tilfelle vil det vere aktuelt å ringe og snakke med deg før vi byter verje, slik at du kan fortelje oss kva som er viktig for deg. Vi vil så finne ei ny verje som vi meiner vil ivareta dine interesser på ein god måte. Du, ny verje og tidlegare verje vil få vedtak om bytte av verje i posten.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.