Sal av eigedom

Sal av eigedom på vegner av verjehavar krev Statsforvaltaren sitt samtykke. Om det er aktuelt å selje eigedomen til den du er verje for, må du derfor sende ein søknad om dette til oss.

Korleis søkje?

Kva må søknaden innehalde?

Korleis kan eigedommen seljast?

Kva skjer etter at vi har godkjent?

Saksbehandlingstid

Klagerett

Korleis søkje?

Statsforvaltaren ønskjer digital innsending og oppfordrar alle verjer til å sende inn søknad via Altinn. Du finn skjema på vergemal.no/skjema. Dersom du likevel ønsker å sende inn søknad per post, kan du nytte papirskjema på same side.

Kva må søknaden innehalde?

Søknaden må vere grunngitt og det må leggjast ved verdivurdering frå meklar eller frå bygningssakkunnig.

Gjeld det sal direkte til familiemedlem, må det leggjast ved minimum 2 verdivurderingar frå meklarar eller frå bygningssakkunnige.

Verja må legge ved kopi av dokument som viser at verjehavar ikkje lenger kan nyttiggjere seg av eigedomen. Dette kan vere stadfesting på fast plass på sjukeheim eller liknande. 

For ein vaksen med verje, må søknader om sal av eigedom vere signert både av verja og av verjehavar dersom han eller ho er i stand til å forstå kva saka gjeld.

For mindreårige må søknaden vere signert av foreldreverjene og av den mindreårige dersom han eller ho er over 12 år.

Ved digital innsending må skriftleg samtykke frå den eller dei andre som skal signere søknaden leggjast ved søknaden.   

Korleis kan eigedommen seljast?

Eigedomen skal som ein klar hovudregel seljast til høgstbydande på den opne marknaden. Det skal nyttast autorisert eigedomsmeklar, boligbyggjelag eller advokat.

Statsforvaltaren kan i nokre tilfelle godkjenne direkte sal til familiemedlemmer dersom det ivaretar verjehavars ønske om å behalde eigedomen i familien, eller til andre dersom det er i tråd med verjehavars vilje. I desse tilfella skal eigedomen normalt seljast for takst, og alle livsarvingane skal samtykke til salet. Gjeld det sal direkte til familiemedlem, må det leggjast ved minimum 2 verdivurderingar frå meklarar eller frå bygningssakkunnige.

Om eigedomen skal seljast utanom den opne markanden for under takst, må Statsforvaltaren vurdere om det ligg føre eit gåvesal eller forskot på arv. 

Kva skjer etter at vi har godkjent?

Verja kan ikkje starte prosessen med å selje eigedomen før etter klagefristen på tre veker. Dette er for å ivareta klageretten til verjehavar.

Vedlagt vedtaket følgjer ei stadfesting til Statens Kartverk som kan vidareformidlast til meklar/advokat som gjennomfører salet.

Det er ikkje naudsynt med stempel og påteikning frå Statsforvaltaren på dei dokument som skal tinglysast i samband med salet.

Netto salssum kal overførast til kapitalkonto som Statsforvaltaren disponerer. Dette gjeld ikkje for ektefelleverjer.

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingstida kan variere noko, men kan i periodar vere på inntil tre månader. 

Klagerett

Dersom søkjar eller verjehavar er usamd i vedtaket, kan ein sende skriftleg klage til oss. Klagen må sendast innan tre veker frå ein har fått vedtaket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.