Rapport om framtidsfullmakt

Ny rapport om framtidsfullmakter har kartlagt dagens ordning og foreslått endringar. Rapporten er utarbeidd av Høgskulen i Innlandet i samarbeid med Universitetet i Bergen, på oppdrag frå Statens sivilrettsforvaltning. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.11.2019

Rapporten viser at om lag 60 prosent av framtidsfullmaktene som er stadfesta av landets fylkesmenn, er avgrensa til bestemte økonomiske forhold. Den typiske framtidsfullmakta regulerer kun betaling av utgifter, sal av eigendom og utdeling av gåver, og er lik eller svært lik ferdigpubliserte malar.

Rapporten viser at det totalt i landet er registrert om lag 900 saker om framtidsfullmakter. I gjennomsnitt er det fleire kvinner (70 prosent) enn menn (30 prosent) som skriv framtidsfullmakt, og gjennomsnittsalderen på opprettingstidspunktet er 82 år. Dei fleiste har peikt ut ein fullmektig, og i 83 prosent av sakene er det barna til den som skriv fullmakta som er peikt ut som fullmektig.

Hos Fylkesmannen i Vestland er det cirka 285 registrerte saker per i dag. Våre eigne tal viser at vi i 2019 har realitetsbehandla 73 saker, der 47 er stadfesta.

Du kan lese rapporten i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.