Innlevering av verjerekneskap

Oppdatert 05.01.2024

Verjer har som hovudregel rekneskapsplikt for midlar som dei disponerer på vegner av verjehavaren. Fristen for å levere årsrekneskap er 30. april kvart år. Dersom verjemålet vert oppheva, skal du levere sluttrekneskap så snart som råd.

Du oppfyller rekneskapsplikta ved å sende inn:

  • Fullstendigheitserklæring (skjema GA-8042 hos Altinn)
  • Kontoutskrifter for alle kontoane du har disposisjonsrett til i verjemålet. Kontoutskrifta skal dekkje hele året (eller alle månadene som du har vore verje), og skal sendast inn sjølv om det ikkje har vore innskot eller uttak frå kontoen, og sjølv om du som verje ikkje har brukt kontoen.

Du leverer rekneskap og vedlegg via Altinn. Hugs at du brukar din eigen elektroniske ID (ikkje verjehavars ID) når du sender inn verjerekneskapen.

Kvitteringar og vedlegg skal ikkje sendast inn, men du må ta vare på alle kvitteringar og anna dokumentasjon knytt til verjemålet i minst tre år. I den grad kontoutskriftene frå banken ikkje viser kva uttak er brukt til, kan du skrive på en forklaring direkte på kontoutskrifta eller legge ved forklaring på eit eige ark. Det er også mogleg å bruke fullstendigheitserklæringa til å forklare transaksjonar i kontoutskrifta.

Fullstendigheitserklæringa er ei sjekkliste frå deg på at du har utført oppgåvene dine som verje for det aktuelle året.

Fritak frå rekneskapsplikta

Søknad om fritak frå regnskapsplikt har ikkje et eige skjema, men du kan søkje om fritak per brev til Statsforvaltaren. Dersom du er verje for ektefelle eller sambuar, har du fritak for rekneskapsplikta.

  • Dersom du er utnemnt som verje for eigne barn som bur heime, kan du søkje om fritak frå rekneskapsplikta. Du må sende inn søknad om fritak i god tid før fristen for innlevering 30. april.
  • Statsforvaltaren kan gje fritak frå rekneskapsplikta dersom vi vurderer at omfanget av inntekt og formue er så lite at rekneskap ikkje er nødvendig. Du må sende inn søknad om fritak i god tid før fristen 30. april.

Kva skjer etter at rekneskapen er levert?

Statsforvaltaren kontrollerer at du har levert rett dokument og tek kontakt med deg dersom det er noko som manglar.

Oppfordring om å velje digital innsending

Det er til stor hjelp for oss om flest mogleg vel digital innsending av verjerekneskapet og andre meldingar til Statsforvaltaren. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.