Verjerekneskap - skattemelding 2019

Fylkesmannen får mange spørsmål knytt til årets skattemelding. Kva versjon skal sendast inn saman med verjerekneskap 2019?

Det er ønskjeleg at verjer sender inn skattemelding i «gamal» versjon. Denne er førehandsutfylt, og ligg tilgjengeleg i Altinn frå 31.03.2020.

Logg inn i Altinn, og klikk på melding som heiter «Melding: Skattemeldingen for 2019 som dokumentasjon».

Dersom det er gjort endringar på skattemeldinga, ønskjer vi å få tilsendt korrigert versjon i tillegg til den førehandsutfylte.   

Sjå elles informasjon om dette på Vergemålsportalen. Der finn du også oppskrift på korleis du fører frådrag for godtgjering.