Verja si rekneskapsplikt

Paragraf på ein smarttelefon. Rekneskapen skal sendast til Fylkesmannen innan 30. april kvart år.
Paragraf på ein smarttelefon. Rekneskapen skal sendast til Fylkesmannen innan 30. april kvart år. (Foto: Pixabay)

Verjer som tek hand om dei økonomiske interessene til personar med verje har rekneskapsplikt. Rekneskapen skal sendast til Fylkesmannen innan 30. april kvart år, jf. verjemålsforskrifta § 22.

For å oppfylle rekneskapsplikta må verja årleg sende inn:

Kontoutskrifter

Verja må sende inn kontoutskrifter for dei kontoane, som verja eller andre har disponert gjennom året på vegner av personen med verje (kontoutskrift pr. månad som syner alle transaksjonar). Kontoutskriftene skal vere frå bank og må vere i uredigerbart format. Ein transaksjonsutskrift frå nettbank vil såleis ikkje vere godkjent. Disposisjonar som ikkje har tilfredstillande tekst, må forklarast nærare i fullstendigheitserklæringa, f.eks større uttak i minibank.

Kopi av sjølvmelding

Verja må sende inn kopi av sjølvmeldinga til personen ein er verje for.

Årsoppgåver

Verja må sende inn kopi av eventuelle årsoppgåver for aksjar, obligasjonar, fond eller andre verdipapir som verja disponerer på vegner av personen ein er verje for. Det er også ønskjeleg at verja sender inn årsoppgåver for kontoar som personen ein er verje for har.

Fullstendigheitserklæring

Verja må fylle ut og sende inn fullstendigheitserklæring. Dette er ei erklæring på at verja har gitt fullstendige og korrekte opplysningar om verjemålet. Her finn du fullstendigheitserklæringa.

Det er ikkje nødvendig at verja sender inn betalingsvedlegg og kvitteringar. Fylkesmannen vil spørje etter desse dersom ein kontroll gjer det nødvendig. Rekneskapsvedlegg må lagrast i tre år.


Kontaktinformasjon

Finn du ikkje informasjonen du treng på nettsida? Sjå først på sida ofte stilte spørsmål.

 

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

fmvlpost@fylkesmannen.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 1200-1400.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Liv Sørevik, seksjonsleiar


Ane Hatletveit
Anne Mari Aase
Anne Siri Nytveit
Elin Halrynjo
Gunn Anita Krydsby
Henriette Klingenberg
Idunn Brandshaug Horvei
Jeaneth Bjørndal
Karine Menes Helset
Karsten Grimstad
Kjersti Pedersen
Kjersti Solheim Eide
Kristine Tveitane Hansen
Kristoffer Mellingen
Laila Bugge Dahle
Linda Antonesen
Marianne Ingebrigtsen
Monica Nes
Nina Golten Andersen
Pia Henriette Davanger Angel

Rikard Fadnes
Rune Rivedal
Serine Margareth Ammerud Lautizen
Silje Kristin Hagerup Mølmesdal
Siri Monclair
Stian Stensrud
Tom Debu Nesvåg
Tone Nærum
Trond Morten Krey