Godtgjering og utgiftsdekning

Myntar. Reglane om godtgjersle og utgiftsdekning til verja finn du i verjemålslova § 30, jf. verjemålsforskrifta §§ 16-19.
Myntar. Reglane om godtgjersle og utgiftsdekning til verja finn du i verjemålslova § 30, jf. verjemålsforskrifta §§ 16-19. (Foto: Elin Halrynjo)

Når ein er oppnemnt som verje har ein rett på godtgjersle for arbeidet ein gjer og rett på dekning av naudsynte utgifter. Godtgjersle og utgiftsdekning blir som hovudregel utbetalt etterskotsvis etter faste satsar.

Fylkesmannen skil mellom nærståande verje, alminneleg verje og fast verje.

Nærståande verje

Med nærståande verje meiner vi forelder til, born av eller ektefelle/sambuar til den som har verje.

Nærståande verjer har som hovudregel ikkje rett på godtgjersle. Unntaksvis kan det gjevast godtgjersle viss særlege grunnar talar for dette. Det skal blant anna leggjast vekt på omfanget og varigheita av oppdraget. 

Forelder til born under 18 år, er ikkje oppnemnt som verje og har ikkje krav på godtgjersle og utgiftsdekning. 

Alminneleg verje

Med alminneleg verje meiner vi familie som ikkje er nærståande og andre som ikkje har verjeoppdraget som næringsverksemd. Alminnelege verjer har rett på godtgjersle.

Hovudregelen er ein fast årleg godtgjersle. Gjeld mandatet økonomiske interesser er godtgjersla kr 3500,-,  personlege interesser kr 2000,- og både økonomiske og personlege interesser kr 4000,- per år.

Unntaksvis kan ein godtgjerast med timesats à kr 200,- viss omfanget av oppdraget tilseier det. Verja må då dokumentera at fast årleg sats ikkje gir ei rimeleg dekning og det må førast ei detaljert timeliste.

Faste verjer

Med fast verje meiner vi ein som har verjeoppdraget som næringsverksemd og som er godkjent som fast verje av Fylkesmannen.

Hovudregelen er ei fast årleg godtgjersle. Gjeld mandatet økonomiske interesser er godtgjersla kr 7500,-,  personlege interesser kr 4500,- og både økonomiske og personlege interesser kr 10 000,- per år.

Unntaksvis kan ein godtgjerast med timesats à kr 400,- viss omfanget av oppdraget tilseier det. Verja må då dokumentera at fast årleg sats ikkje gir ei rimeleg dekning og det må førast ei detaljert timeliste.

Utgiftsdekning

Både nærståande, alminnelege og faste verjer har krav på å få dekt naudsynte utgifter som følgjer av verjeoppdraget. Hovudregelen er dekning etter ein fast sats, p.t. kr 1000,- per år. Den faste satsen dekkjer utgifter til telefon, kopiering, porto og reiseutgifter. Vanlegvis er fast sats tilstrekkeleg og ein treng ikkje dokumentera desse utgiftene.

Har verja utlegg som i vesentleg grad overstig den faste satsen kan ein søkja om utvida utgiftsdekning. Utgiftene må då dokumenterast i form av kilometerliste, bilag og liknande. Utgifter som overstig det dobbelte av den årlege satsen, kan oppfylla kravet til «i vesentleg» grad og det er berre utgifter som er naudsynte for oppdraget ein kan få dekt.

Dekning av kravet

Godtgjersle og utgiftsdekning til verja skal som hovudregel betalast av personen med verje. Viss vedkommande har ei inntekt som er lik eller under minsteytinga i folketrygdlova (2,48G) og har ein formue under kr 50 000,- skal Fylkesmannen dekkje kravet.

Om vedkommande er gift/sambuar er inntektsgrensa kr 201 483,- (2,28G) og kr 75 000,- i formue.

Overstig formuen og/eller inntekta krava kan Fylkesmannen vurdera å dekkje godtgjersle til verja viss omsynet til vedkommandes betalingsevne tilseier det.

I nokre tilfelle kan Fylkesmannen forskotera godtgjersla til verja viss det kan kome inn midlar på eit seinare tidspunkt, for eksempel ved sal av bustad eller eit arveoppgjer.

Oppgåver som ligg utanfor verja sitt mandat

Det er berre oppgåver som følgjer av verjeoppdraget som kan godtgjerast. Daglege gjeremål som handling, laga mat, gå turar o.l. er ikkje oppgåver ein kan krevja godtgjersle for.

Korleis søkjer ein?

Verja må søkja til Fylkesmannen om godtgjersle og utgiftsdekning.

Bruk Sikker melding (verjemål) 

Reglane om godtgjersle og utgiftsdekning til verja finn du i verjemålslova § 30, jf. verjemålsforskrifta §§ 16-19 og rundskriv 1 – 2014 om utgiftsdekning og godtgjøring til verger og representanter.


Kontaktinformasjon

Finn du ikkje informasjonen du treng på nettsida? Sjå først på sida ofte stilte spørsmål.

 

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

fmvlpost@fylkesmannen.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 1200-1400.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Liv Sørevik, seksjonsleiar


Ane Hatletveit
Anne Mari Aase
Anne Siri Nytveit
Elin Halrynjo
Gunn Anita Krydsby
Henriette Klingenberg
Idunn Brandshaug Horvei
Jeaneth Bjørndal
Karine Menes Helset
Karsten Grimstad
Kjersti Pedersen
Kjersti Solheim Eide
Kristine Tveitane Hansen
Kristoffer Mellingen
Laila Bugge Dahle
Linda Antonesen
Marianne Ingebrigtsen
Monica Nes
Nina Golten Andersen
Pia Henriette Davanger Angel

Rikard Fadnes
Rune Rivedal
Serine Margareth Ammerud Lautizen
Silje Kristin Hagerup Mølmesdal
Siri Monclair
Stian Stensrud
Tom Debu Nesvåg
Tone Nærum
Trond Morten Krey