Disposisjonar verja må søkje om

Mann som noterer. Statens sivilrettsforvalting (SRI) har laga rettleiingar for ulike godkjenningssaker som du finn på vergemålsportalen.
Mann som noterer. Statens sivilrettsforvalting (SRI) har laga rettleiingar for ulike godkjenningssaker som du finn på vergemålsportalen. (Foto: Pixabay)

Nokre disposisjonar krev samtykke både frå Fylkesmannen og frå den som har verje og er samtykkekompetent. Reglane om dette følgjer av verjemålslova kapittel 6, §§ 37-44.

Statens sivilrettsforvalting (SRI) har laga rettleiingar for ulike godkjenningssaker som du finn på vergemålsportalen. Der finn du òg aktuelle søknadsskjema du kan nytte.

Vi anbefaler deg å lese gjennom rettleiingane før du søkjer Fylkesmannen om samtykke.

Disposisjonar som krev samtykke frå Fylkesmannen:

Fast eigedom - § 39 første ledd a-f:

  • Kjøp og sal av fast eigedom, og rettigheitar i slik eigedom, mellom anna odel
  • Pantsetjing av fast eigedom, påhefte servitutt (vegrett o.l)
  • Forpakting eller utleige av fast eigedom, til dømes bustad og å seie opp slik avtale
  • Å krevje deling eller nye eigedomsgrenser m.v.
  • Drift av fast eigedom

Stifting av gjeld - § 40:

  • Verja kan ikkje stifte gjeld på vegner av personen med verje utan samtykke frå Fylkesmannen, med unntak av studielån frå Lånekassen

Arv og gåver - §§ 41-42:

  • Å gi arveforskot
  • Å gi avkall på arv, med unntak av arv av liten verdi
  • Å gi avslag på gåve, med unntak av gåve av liten verdi
  • Å gi gåver av større verdi enn heilt vanlege små gåver som følgjer av skikk og bruk

 Bruk av kapital - § 37 tredje ledd:

  • Gjeld både oppsparte midlar som blir forvalta av personen med verje sjølv, av verje eller av Fylkesmannen

Andre disposisjonar - §§ 38, 39 første ledd g-j:

  • Erverv av livsforsikring, livrente eller føderåd
  • Avhending av lausøyre av større verdi, av usedvanleg karakter eller av spesiell interesse for den som har verje eller hans/hennar familie
  • Utlån av pengar til verja eller verja sine nærståande
  • Det er forbod mot kausjonsansvar og sikkerheit for andre si gjeld, med mindre det ligg føre særlege grunnar. Verja må ha samtykke for å kausjonere for andre si gjeld på vegner av den som har verje
  • Drift av næringsverksemd

Unntak

Dersom du er verje for din ektefelle eller sambuar treng du kun å søkje om samtykke frå Fylkesmannen dersom det gjeld kjøp/sal av fast eigedom eller rettigheit i fast eigedom, pantsetjing, eller ved stifting av gjeld på vegner av personen med verje. Dette følgjer av verjemålslova § 44

Slik går verja fram for å søkje om samtykke frå Fylkesmannen:

Søknader skal vere skriftlege. Det er verja som skal sende/signere søknaden. Om søknaden vert send per e-post, må denne sendast som eit vedlegg. Hugs å ikkje sende personopplysningar per e-post. Vi anbefaler at du ikkje sender saksdokument direkte til sakshandsamar. Bruk Sikker melding (verjemål) 

Dersom den du er verje for er samtykkekompetent må han/ho samtykke til disposisjonen. I aktuelle skjema er det eiga felt for personen med verje sitt samtykke. Eventuelt kan samtykke verte gitt i eiga erklæring.

Hugs at du skal søkje på førehand, før disposisjonen vert gjennomført eller arbeidet blir starta. Utfyllande søknader gir raskare saksbehandling hjå Fylkesmannen. Hugs å grunngje søknaden og å forklare kva du søkjer om på vegner av den du er verje for og kvifor.

Døme på kva informasjon og kva vedlegg som bør ligge ved søknaden:

Bruk av kapital

Søknadsskjema fylt ut av verje og evt. signert av verjehavar. Opplys i søknaden kva du skal bruke kapital til og dokumenter utgiften. Hugs å oppgje kontonummer du vil ha midlar overført frå og til.

Sal av eigedom

Søknadsskjema fylt ut av verje og evt. signert av verjehavar, takst utført av autorisert takstmann, dokumentasjon på at verjehavar ikkje kan nyttiggjere seg av eigedomen, t.d. i form av kopi av vedtak om fast plass ved institusjon.

Kjøp av eigedom

Søknadsskjema fylt ut av verje og evt. signert av verjehavar. Oppgje korleis kjøpet skal finansierast. Dersom du skal stifte gjeld, må du òg søkje om det. Dersom du skal nytte eigenkapital, må du òg søkje om bruk av kapital.

Stifting av gjeld

Søknadsskjema fylt ut av verje og evt. signert av verjehavar der det vert oppgitt kva det skal lånast midlar til og kvifor dette er naudsynt, lånetilsagn frå bank. Oppgje kva objekt som skal pantsettjast.

Gåve av større verdi

Søknadsskjema fylt ut av verje og evt. signert av verjehavar. Skriv kva gåva er, til kven og med kva beløp. Grunngje nærare kvifor du meiner gåva følgjer av skikk og bruk for personen med verje. Legg ved dokumentasjon på tidlegare gåveutdelingar.

Forskott på arv

Søknadsskjema fylt ut av verje og evt. signert av verjehavar. Opplys om verjehavar har oppretta testament og om verjehvar sit i uskifta bu. Legg ved sist tilgjenglege skattemelding. Gje ei oversikt over verjehavar sin økonomi på søknadstidspunktet.

Særleg behov: Kvifor har arvingen eit særleg behov for arveforskott? Dokumenter behovet i form av skattemeldinga hans/hennar, budsjett, oppseiing frå arbeidsgjevar o.l.

I tråd med ønskjet til verjehavar: Kva haldepunkt finst for at verjehavar ønskjer dette? Dokumenter haldepunkta, t.d. i form av dokumentasjon på tidlegare utdelingar, erklæringar skrivd av verjehavar mens han/ho forstod kva saka gjelde, legeerklæring som tek stilling til kor mykje verjehavar forstår no o.l.

Har du spørsmål om korleis du skal søkje eller kva som skal sendast med søknaden, eller du er i tvil om du må sende søknad, kan du ringe Fylkesmannen.


Kontaktinformasjon

Finn du ikkje informasjonen du treng på nettsida? Sjå først på sida ofte stilte spørsmål.

 

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

fmvlpost@fylkesmannen.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 1200-1400.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Liv Sørevik, seksjonsleiar


Ane Hatletveit
Anne Mari Aase
Anne Siri Nytveit
Elin Halrynjo
Gunn Anita Krydsby
Henriette Klingenberg
Idunn Brandshaug Horvei
Jeaneth Bjørndal
Karine Menes Helset
Karsten Grimstad
Kjersti Pedersen
Kjersti Solheim Eide
Kristine Tveitane Hansen
Kristoffer Mellingen
Laila Bugge Dahle
Linda Antonesen
Marianne Ingebrigtsen
Monica Nes
Nina Golten Andersen
Pia Henriette Davanger Angel

Rikard Fadnes
Rune Rivedal
Serine Margareth Ammerud Lautizen
Silje Kristin Hagerup Mølmesdal
Siri Monclair
Stian Stensrud
Tom Debu Nesvåg
Tone Nærum
Trond Morten Krey