Bank og midlar til forvaltning

Bergen. Finansielle eigedelar som blir eigde av person under verjemål, skal forvaltast av Fylkesmannen, dersom ikkje noko anna følgjer av lov eller anna gyldig føresegn.
Bergen. Finansielle eigedelar som blir eigde av person under verjemål, skal forvaltast av Fylkesmannen, dersom ikkje noko anna følgjer av lov eller anna gyldig føresegn. (Foto: Pixabay)

Dersom personen med verje har finansielle eigedelar som samla sett overstig to gonger grunnbeløpet i folketrygda, skal Fylkesmannen som hovudregel forvalte finansielle eigedelar over denne grensa.

Forvaltning av midlar

Finansielle eigedelar som blir eigde av person under verjemål, skal forvaltast av Fylkesmannen, dersom ikkje noko anna følgjer av lov eller anna gyldig føresegn, jf. verjemålslova § 48 første ledd. Den som er sett under verjemål, men ikkje er fråteken den rettslege handleevna, må gje samtykke til at Fylkesmannen forvaltar midlane. Samtykke er likevel ikkje nødvendig dersom han eller ho ikkje er i stand til å forstå kva samtykket inneber, jf. verjemålslova § 48 andre ledd. 

Dersom personen med verje for ikkje ønskjer at Fylkesmannen skal forvalte midlane, må det liggje føre ei skriftleg tilbakemelding frå han/ho om dette. Ein kan nytte samtykkeerklæring til dette føremålet.

Utgjer dei finansielle eigedelane til den som er under verjemål eit beløp som er lågare enn to gonger grunnbeløpet i folketrygda, skal midlane som hovudregel forvaltast av verje, jf. verjemålslova § 49.

Oppretting av kapitalkonto

Når midlane skal forvaltast av Fylkesmannen, skal desse plasserast på ein kapitalkonto i bank som er godkjent av Sentral verjemålsmyndigheit, jf. verjemålslova §§ 50 og 51. Som verje kan ein på vegner av, og så langt det er mogleg i samråd med personen ein er verje for, velje mellom ulike bankar og alternativ for plassering. Val av bank og alternativ for plassering gjer verja ved å fylle ut skjema for val av plassering av midlar på kapitalkonto, og sender dette til Fylkesmannen.

Det er Fylkesmannen som opprettar kapitalkonto i tråd med verja og personen under verjemål sine ønskjer, og det er berre Fylkesmannen som kan disponere over midlane på kapitalkontoen. Om det oppstår behov, må verja søkje Fylkesmannen om bruk av midlane på denne kontoen. Søknad om bruk av kapital som blir forvalta av Fylkesmannen, skal sendast inn på eige skjema som du finn på vergemålsportalen eller ved å kontakte Fylkesmannen.

Det er berre Fylkesmannen som er disponent for kapitalkontoen, og verja må ved behov søkje Fylkesmannen om å bruke midlane på denne kontoen. Søknaden skal sendast på eige skjema.

Andre finansielle eigedelar (fond, aksjar eller liknande)

Det følgjer av verjemålslova § 50 første ledd at Fylkesmannen kan «omgjøre andre finansielle eiendeler enn penger og bankinnskudd til kontante midler». Fylkesmannen si vurdering av om slike finansielle eigedelar skal gjerast om til kontantinnskot, skal skje i samråd med verje, og om mogleg også med eigar av midlane, jf. verjemålslova § 50 andre og tredje ledd. I vurderinga skal det mellom anna leggjast vekt på om personen med verje har ei «særlig tilknytning» til plasseringa av dei finansielle eigedelane.


Kontaktinformasjon

Finn du ikkje informasjonen du treng på nettsida? Sjå først på sida ofte stilte spørsmål.

 

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

fmvlpost@fylkesmannen.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 1200-1400.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Liv Sørevik, seksjonsleiar


Ane Hatletveit
Anne Mari Aase
Anne Siri Nytveit
Elin Halrynjo
Gunn Anita Krydsby
Henriette Klingenberg
Idunn Brandshaug Horvei
Jeaneth Bjørndal
Karine Menes Helset
Karsten Grimstad
Kjersti Pedersen
Kjersti Solheim Eide
Kristine Tveitane Hansen
Kristoffer Mellingen
Laila Bugge Dahle
Linda Antonesen
Marianne Ingebrigtsen
Monica Nes
Nina Golten Andersen
Pia Henriette Davanger Angel

Rikard Fadnes
Rune Rivedal
Serine Margareth Ammerud Lautizen
Silje Kristin Hagerup Mølmesdal
Siri Monclair
Stian Stensrud
Tom Debu Nesvåg
Tone Nærum
Trond Morten Krey