Informasjon til deg som er verje

Kvinne som noterer. Kva som må til av kvalifikasjonar og eigenskapar for at du skal kunne bli verje, er avhengig av oppdraget. Fylkesmannen avgjer kven som skal vere verje, og hovudregelen er at valet vert teke i samråd med den som skal ha verje.
Kvinne som noterer. Kva som må til av kvalifikasjonar og eigenskapar for at du skal kunne bli verje, er avhengig av oppdraget. Fylkesmannen avgjer kven som skal vere verje, og hovudregelen er at valet vert teke i samråd med den som skal ha verje. (Foto: Pixabay)

Som verje kan du gjere handlingar på vegner av personen du er verje for, innanfor rammene av det mandatet som Fylkesmannen har gitt deg. Personen skal så sant det er mogleg bli høyrd før det blir gjort handlingar av større betydning. Enkelte handlingar krev dessutan at Fylkesmannen må samtykke.

Som verje kan du gjere handlingar på vegner av personen du er verje for, innanfor rammene av det mandatet som Fylkesmannen har gitt deg. Personen skal så sant det er mogleg bli høyrd før det blir gjort handlingar av større betydning. Enkelte handlingar krev dessutan at Fylkesmannen må samtykke.

Verja kan ikkje gjennomføre handlingar av større betydning dersom den som har verje motset seg handlingane, med mindre personen ikkje er i stand til å forstå kva handlinga vil bety.

For enkelte handlingar må verja ha samtykke både frå personen som har verje og frå Fylkesmannen. Dette er vanleg dersom handlinga gjeld

  • fast eiendom (kjøp og sal, pantsetting, forpakting og utleie, drift osv.)
  • større gåver og arveforskot

Vergemal.no har meir informasjon om kva handlingar som krev at det i tillegg til samtykke frå personen som har verje, også må innhentast samtykke frå Fylkesmannen.

Ei verje kan søkje digitalt om godkjenning frå Fylkesmannen.

Oppgåver andre må gjere

Som verje må du skilje mellom det å sørge for at behov blir dekt og det å faktisk kjøpe varer eller utføre tenester sjølv. Det siste er ikkje ei verjeoppgåve. Nokre gonger er det derfor andre enn verja som skal hjelpe personen.

Dette kan gjelde:

  • helsehjelp
  • praktiske gjeremål i kvardagen
  • sosiale aktivitetar
  • omsorgsoppgåver

Desse oppgåvene fell utanfor oppdraget ditt som verje.

Vis meir


Lenkjer

Kontaktinformasjon

Finn du ikkje informasjonen du treng på nettsida? Sjå først på sida ofte stilte spørsmål.

 

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

fmvlpost@fylkesmannen.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 1200-1400.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Liv Sørevik, seksjonsleiar


Ane Hatletveit
Anne Mari Aase
Anne Siri Nytveit
Elin Halrynjo
Gunn Anita Krydsby
Henriette Klingenberg
Idunn Brandshaug Horvei
Jeaneth Bjørndal
Karine Menes Helset
Karsten Grimstad
Kjersti Pedersen
Kjersti Solheim Eide
Kristine Tveitane Hansen
Kristoffer Mellingen
Laila Bugge Dahle
Linda Antonesen
Marianne Ingebrigtsen
Monica Nes
Nina Golten Andersen
Pia Henriette Davanger Angel

Rikard Fadnes
Rune Rivedal
Serine Margareth Ammerud Lautizen
Silje Kristin Hagerup Mølmesdal
Siri Monclair
Stian Stensrud
Tom Debu Nesvåg
Tone Nærum
Trond Morten Krey