Frivillige verjemål

Med bakgrunn i medieoppslaga hausten 2018 har Fylkesmannen i Vestland nyleg sendt ut ca 4.000 brev til verjehavar og verje. I breva er det gitt informasjon om korleis eit verjemål kan avsluttast, dersom ein ikkje lenger ønskjer å ha verje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.03.2019

Oppheve verjemål

Verjemål skal ikkje opplevast som tvang. Dersom nokon opplever å ha verjemål utan å ønskje det, vil vi at dei tek kontakt med Fylkesmannen.

Utsendte brev

Fylkesmannen har på oppdrag frå Justisdepartementet sendt ut ca 4.000 brev til verjehavarar og verjer i Hordaland og Sogn og Fjordane i februar 2019. I breva er det vist til at både verja og Fylkesmannen kan hjelpe med råd og rettleiing. I brev til verjehavar ber Fylkesmannen om tilbakemelding innan 1. mars, dersom ein ønskjer å avslutte verjemålet. Uavhengig av dette kan ein når som helst be om å få oppheva verjemålet.

Samtale med verjehavar – samtaleverktøy

Det er utarbeidd ei rettleiing om korleis verje kan gjennomføre samtalen med verjehavar.
Sjå også vedlegg på høgre side for eige støtteskjema og spørsmålsrekkje som verja kan bruke i samtale med verjehavar.

Informasjonsfilm om verjemål

Ei verje er ein person som hjelper deg med å ta hand om dine rettar og gjer deg støtte og råd. Her kan du sjå ein kort informasjonsvideo om frivillig verjemål. Hugs å skru på lyd.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.