Fråtaking av rettsleg handleevne

Samtale mellom to damer. Rettsleg handleevne er evna til å gjere rettslege disposisjonar, råde over eigne midlar og pådra seg ansvar.
Samtale mellom to damer. Rettsleg handleevne er evna til å gjere rettslege disposisjonar, råde over eigne midlar og pådra seg ansvar. (Foto: Pixabay)

Etter verjemålslova av 2010 kan det opprettast to ulike typar verjemål: Ordinære verjemål eller verjemål som omfattar fråtaking av personen si rettslege handleevne.

Ordinært verjemål

Vilkåra for oppretting av ordinære verjemål for vaksnefølgjer av verjemålslova § 20, som stiller krav til diagnose, personen sine interesser, og årsakssamanheng mellom personen sin diagnose og det bistandsbehovet som ligg føre. Vidare må det liggje føre eit konkret behov for verjemål. Dette inneber at vilkåra for oppretting av verjemål ikkje vil vere oppfylte dersom andre, mindre inngripande tiltak vil vere tilstrekkeleg for å ta hand om personen sitt bistandsbehov.  

Ved oppretting av ordinære verjemål vil verjehavar ha si rettslege handleevne i behald, og kan sjølv gjennomføre rettslege disposisjonar og råde over eigne midlar.

Krav om samtykkje

Etter verjemålslova § 20 andre ledd er det altså eit krav om skriftleg samtykkje frå personen som skal setjast under verjemål. Kravet om samtykkje gjeld som hovudregel ikkje dersom personen ikkje vert vurdert å vere samtykkjekompetent i spørsmål om verjemål. Etter ei tolknings- og praksisendring frå Statens sivilrettsforvaltning er det likevel ikkje høve til å opprette verjemål for ein person som aktivt motsett seg verjemål, sjølv om vedkommande ikkje er samtykkjekompetent.

Dette inneber at dersom det er behov for å opprette verjemål for ein person som ikkje samtykkjer til verjemål, må det treffast avgjerd om verjemål med fråtaking av personen si rettslege handleevne i personlege og/eller økonomiske forhold.

Verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne 

Vilkåra for verjemål med fråtaking av ein person si rettslege handleevne følgjer av verjemålslova § 22:

"En person som er i en tilstand som nevnt i § 20 første ledd, kan fratas sin rettslige handleevne etter reglene i annet og tredje ledd.

En person kan fratas den rettslige handleevnen i økonomiske forhold hvis dette er nødvendig for å hindre at han eller hun utsetter sin formue eller andre økonomiske interesser for fare for å bli vesentlig forringet, eller han eller hun blir utnyttet økonomisk på en utilbørlig måte. Fratakelsen av den rettslige handleevnen kan begrenses til å gjelde bestemte eiendeler eller bestemte disposisjoner.

En person kan fratas den rettslige handleevnen i personlige forhold hvis det er betydelig fare for at han eller hun vil handle på en måte som i vesentlig grad vil være egnet til å skade hans eller hennes interesser."

Høve til å fråta ein person den rettslege handleevna i økonomiske og/eller personlege forhold erstatter det som tidlegare vart kalt umyndiggjering. Avgjerder om fråtaking av rettsleg handleevna skal treffast av retten ved dom, som hovudregel etter ei ordinær rettssak. Fylkesmannen kan likevel treffe ei midlertidig avgjerd om fråtaking av rettsleg handleevne dersom saka haster, men må deretter sende saka til tingretten for behandling.


Kontaktinformasjon

Finn du ikkje informasjonen du treng på nettsida? Sjå først på sida ofte stilte spørsmål.

 

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

fmvlpost@fylkesmannen.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 1200-1400.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Liv Sørevik, seksjonsleiar


Ane Hatletveit
Anne Mari Aase
Anne Siri Nytveit
Elin Halrynjo
Gunn Anita Krydsby
Henriette Klingenberg
Idunn Brandshaug Horvei
Jeaneth Bjørndal
Karine Menes Helset
Karsten Grimstad
Kjersti Pedersen
Kjersti Solheim Eide
Kristine Tveitane Hansen
Kristoffer Mellingen
Laila Bugge Dahle
Linda Antonesen
Marianne Ingebrigtsen
Monica Nes
Nina Golten Andersen
Pia Henriette Davanger Angel

Rikard Fadnes
Rune Rivedal
Serine Margareth Ammerud Lautizen
Silje Kristin Hagerup Mølmesdal
Siri Monclair
Stian Stensrud
Tom Debu Nesvåg
Tone Nærum
Trond Morten Krey