Avslutte og endre verjemål

Verjemål kan avsluttast dersom vilkåra for verjemålet ikkje lenger er oppfylte, til dømes ved at personen som har verje ikkje lenger samtykkjer til verjemål. Vidare kan verjemål endrast til dømes ved at mandatet til verja blir endra, eller ved at det blir bytt verje.

Oppheve verjemål

Byte verje

Endre verja sitt mandat

Avslutning av verjemål ved dødsfall

Oppheve verjemål

Verjemål er frivillig og skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Det vil sei at vi av og til må oppheve eit verjemål fordi vilkåra ikkje lenger er til stades.

Kva skal til for å oppheve eit verjemål?

Dersom vilkåra for verjemål ikkje lenger er til stades, skal Statsforvaltaren oppheve verjemålet. Det kan vere dersom verjehavar er blitt frisk, ikkje lenger har behov for hjelp eller trekkjer tilbake samtykket sitt til verjemål, eller at verjemålet er avgrensa i tid eller omfang.

For å oppheve eit verjemål, må vi få melding om at ein ønskjer det oppheva og grunnen til dette. Dersom den medisinske tilstanden til personen med verje har endra seg slik at verjehavar ikkje lenger har ein diagnose som utløyser verjemål eller ikkje lenger har behov for hjelp til å ivareta sine interesser, må vi ha legeerklæring. Ein kan nytte det same skjemaet for legeerklæring som ved oppretting av verjemål.

Dersom verjehavar ikkje lenger ønskjer å ha verje, altså trekker samtykket sitt til verjemål tilbake, skal Statsforvaltaren, dersom personen er i stand til å forstå kva verjemål eller ikkje verjemål inneber, oppheve verjemålet. Vi treng stadfesting frå lege om at verjehavar er i stand til å forstå.

Enkelte verjemål er avgrensa i tid eller i omfang. Verjemålet er då av slutta når perioden verjemålet skulle vare er over. Dersom verjemålet er avgrensa i omfang, til dømes berre omfattar interesser til i samband kjøp eller sal av eigedom eller skifte av dødsbu, skal verjemålet avsluttast når sal, kjøp eller skifte er gjennomført. Vi treng melding frå verje når oppdraget er utført.

Kva gjer du dersom du ikkje vil ha verje lenger?

Dersom du ikkje vil ha verje lenger, må du gi oss beskjed om dette skriftleg. Du kan sende brev med vanleg post til Statsforvaltaren i Vestland, verjemålsseksjonen, postboks 7310, 5020 Bergen, eller du kan nytte skjemaet Sikker melding til Statsforvaltaren for å sende melding.

Kva gjer vi når du ikkje vil ha verje lenger?

Når vi får melding om at du ikkje vil ha verje lenger, vil vi starte saksbehandling for å vurdere å oppheve verjemålet ditt.

Dersom vi har nyare legeopplysningar som tilseier at du er i stand til å forstå kva det vi innebere for deg å ikkje ha verje, kan vi avslutte verjemålet med det same.

Dersom vi er i tvil om du forstår kva det vil innebere for deg å ikkje ha verje, vil vi skrive brev til legen din og innhente oppdaterte opplysningar om din medisinske tilstand, hjelpebehov og evne til å forstå. Vi orienterer også verje og pårørande (ektefelle/sambuar, barn over 18 år eller foreldre) om at vi vurderer å oppheve verjemålet. Dei som får eit slikt varsel får høve til å uttale seg om ditt hjelpebehov. Dette gjer vi for å vere tryggare på at du klarer i ivareta dine eigne interesser.

Dersom vi meiner det er ein dokumentert fare for at økonomien din blir vesentleg forverra, fare for at du blir urimeleg utnytta eller at det er vesentleg fare for at du vil handle på ein måte som kan skade dine interesser, må Statsforvaltaren vurdere om det er nødvendig å ta frå deg di rettslege handleevne. 

Kva gjer verja dersom verjemålet blir oppheva?

Dersom verjemålet blir oppheva, fell verja sitt mynde som verje vekk. Det vil sei at verja ikkje lenger har lov til å gjere oppgåver på dine vegner eller disponere kontoar.

Verja skal sende rekneskap for verjemålet, kontoutskrifter for alle kontoar verja har disponert for deg fram til den dagen verjemålet vart oppheva.

Verja sender også søknad om godtgjering og dekning av utgifter for arbeidet som verje.

Når verjemålet er oppheva og verja ikkje lenger har lov til å gjere arbeid for deg, må du sjølv sørge for å fjerne verja som disponent på kontoar og endre postadressa di dersom posten din har gått til verja di.

Byte verje

Både verjehavar og verje kan be om å få byte verje utan særleg grunngjeving. Statsforvaltaren kan også på eige initiativ byte verje dersom vi meiner det er til det beste for den som har verje.

Kva skal til for å byte verje?

Dersom du som har verje ønskjer ei anna verje, må vi få skriftleg beskjed om dette. Du kan skrive brev til Statsforvaltaren i Vestland, verjemålsseksjonen, postboks 7310, 5020 Bergen. Dersom du vil, kan du skrive kvifor du vil byte, eller kva som gjer at du ikkje er nøgd med den verja du har. Dersom det er noko du ikkje er nøgd med, vil vi orientere verja om dette slik at han eller ho får høve til å svare eller høve til å endre arbeidsmåte. Er det vanskeleg å skrive brev, kan du be nokon du kjenner å hjelpe deg. Verja skal også kunne hjelpe deg, sjølv om det kan vere vanskeleg å spørje han eller ho om hjelp til akkurat dette.

Verja kan og be seg friteken frå oppdraget av ulike grunnar, eller utan å gi nokon særleg grunn.

Vi kan også på eige initiativ bytte verje for ein person. Det kan til dømes vere at verje ikkje har sendt inn rekneskapsdokument eller andre opplysningar vi spør etter.  Etter rekneskapskontroll eller anna tilsyn, kan vi finne at verje har gjort disposisjonar på vegner av verjehavar som ikkje er godkjent av oss, eller som er uheldige eller i sjeldne tilfelle ulovlege. I desse tilfella vil vi alltid vurdere om vi skal byte verje og i dei fleste tilfella kjem vi til at vi byter verje.

Institusjonar, lege og pårørande kan også sende melding til Statsforvaltaren dersom nokon er uroa for om verje utfører oppdraget sitt som verje på ein god nok måte. Vi vil i desse tilfella vurdere å opne tilsyn med verje, og etter eit slikt tilsyn kan resultatet bli at vi byter verje. Det kjem an på alvoret i uromeldinga, tilbakemeldingar frå partane og alvoret i det eit tilsyn eventuelt avdekkjer. Institusjonar, lege, pårørande og andre kan ikkje krevje at vi byter verje.

Dersom det er aktuelt å byte verje, vil vi sende førehandsvarsel til deg som har verje, til verja og i nokre tilfelle til barn over 18 år eller foreldra til verjehavar. Dei som får varsel får ein frist på to veker til å komme med tilbakemeldingar, forslag til ny verje eller liknande.

Vi sender vedtak om byte av verje i brev med vanleg post. Noverande verje er verje fram til Statsforvaltaren har oppnemnt ny.

Kva gjer du dersom du vil byte verje?

Dersom du ønskjer ei anna verje enn den du har, må Statsforvaltaren få skriftleg beskjed om dette. Du kan skrive brev til Statsforvaltaren i Vestland, verjemålsseksjonen, postboks 7310, 5020 Bergen. Dersom du vil, kan du skrive kvifor du vil byte, eller kva som gjer at du ikkje er nøgd med den verja du har. Dersom det er noko det du ikkje er nøgd med, vil vi orientere verje om dette slik at han eller ho får høve til å svare eller høve til å endre arbeidsmåte. Er det vanskeleg å skrive brev, kan du be nokon du kjenner å hjelpe deg. Verje skal også kunne hjelpe deg, sjølv om det kan vere vanskeleg å spørje verje om hjelp til akkurat dette.

Kva gjer vi dersom vi byter verje for deg?

Dersom det er aktuelt å byte verje, vil vi sende førehandsvarsel til deg som har verje, til verja og i nokre tilfelle til barna dine over 18 år eller til foreldra til dine. Dersom det er noko det du ikkje er nøgd med, vil vi orientere verje om dette, slik at han eller ho får høve til å svare eller høve til å endre arbeidsmåte. Dei som får varsel får ein frist på to veker til å komme med tilbakemeldingar, forslag til ny verje eller liknande.

I dei fleste tilfelle vil det vere aktuelt å ringe og snakke med deg før vi byter verje, slik at du kan fortelje oss det som er viktig for deg. Vi vil så finne ei ny verje som vi meiner vil ivareta dine interesser på ein god måte. Den verja du har og som du vil bytte, fungerer som verje for deg til Statsforvaltaren har oppnemnt ei ny verje. Du, ny verje og tidlegare verje vil få vedtak om bytte av verje i posten.

Kva gjer tidlegare og ny verje dersom det blir bytt verje?

Dersom vi byter verje, fell tidlegare verje sitt mynde som verje vekk og den nye verja tek over. Det vil seie at tidlegare verje ikkje lenger har lov til å gjere oppgåver på dine vegner eller disponere kontoar.

Tidlegare verje skal sende rekneskap for verjemålet, kontoutskrifter for alle kontoar han eller ho har disponert for deg fram til den dagen vedtak om verjebyte vart gjort. Dersom du har kapitalkonto som Statsforvaltaren forvaltar, held denne ordninga fram som før, sjølv om du har fått ny verje.

Tidlegare og ny verje kan møtast eller snakkast for å utveksle informasjon som kan vere viktig for ny verje for å kunne ivareta interessene sine på ein god måte.

Den nye verja overtek dei oppgåvene som tidlegare verje hadde, men om du vil, kan du og ny verje avtale kva oppgåver den nye verja skal ha. Ny verje skal sende oversikt over din økonomiske situasjon til oss så snart som råd. Ny verje skal også sende verjeerklæring til oss.

Endre verje sitt mandat

Ved oppnemning av verje, vert det fastsett eit mandat for verja. Mandatet set rammene for kva oppgåver verja skal hjelpe verjehavar med, og skal så langt det er råd vere tilpassa behovet til den enkelte verjehavar.

Kva skal til for å endre mandat?

Hjelpebehovet til verjehavar vil ofte endre seg over tid. Det kan tenkast at tilstanden hans eller hennar blir forverra, slik at verja må ta hand om oppgåver verjehavar tidlegare kunne gjere sjølv. Eller omvendt, at verjehavar etter kvart treng mindre hjelp frå verja. Mandatet til verja må endrast i samsvar med dette, slik at verja får ei fullmakt som stemmer med det vedkomande skal gjere for verjehavar.

Dersom verja sitt mandat til dømes ikkje omfattar å ta hand om personlege interesser for verjehavar, vil verja heller ikkje kunne legitimere seg med verjefullmakta ovafor andre, for å utføre oppgåver som gjeld personlege interesser for verjehavar.

Verja sitt mandat set også rammene for kva oppgåver verja kan søkje om godtgjering for. Verja bør av den grunn også vere merksam på at det er samsvar mellom mandatet i verjefullmakta, og dei faktiske oppgåvene som det er aktuelt å hjelpe verjehavar med. 

Korleis søkje om å endre mandat?

Søknad om å endre mandat må sendast Statsforvaltaren skriftleg. Søknadsskjema eller meldingsskjema finn ein på sivilrett.no/vergemal/skjema.

I dei fleste tilfelle er det verjehavar sjølv eller verja, som søkjer om endring av mandatet. I tillegg kan verjehavar sin ektefelle, sambuar, foreldre, næraste livsarving, søsken og fastlege/tilsynslege, søkje om endring av mandatet.

I søknaden må det gå fram kva oppgåver mandatet skal omfatte.

Dersom verjehavar er i stand til å forstå kva verjemål er, er det krav om skriftleg samtykke frå han eller henne ved endring av mandatet. Dette kan ein gjere i eige felt i søknadsskjemaet eller ein kan nytte skjemaet «Samtykkeerklæring».

Saksgang

Når vi får søknad om endring av mandat, startar vi saksbehandlinga med å sende ut førehandsvarsel til verjehavar og til verja. Vidare sender vi varsel til personen sine barn over 18 år eller personen sine foreldre dersom vedkommande ikkje har barn.

Alle som får førehandsvarsel får ein frist på to veker til å komme med tilbakemelding. Dette kan vere dersom ein har motsegner til at verjemål blir endra, eller ein har andre opplysningar som er viktige for saka. Samtykke frå personen sjølv må også sendast innan denne fristen dersom ein ikkje alt har gjort det eller personen ikkje er i stand til å forstå kva samtykke er.

Når fristen er ute, vil vi  ta stilling til om mandatet skal endrast. Vi sender vedtak i saka til verjehavar, og til verja. Dersom mandatet er endra, vil verja også få ei ny verjefullmakt der det nye mandatet går fram.

Pårørande og eventuelt institusjon der verjehavar bur, vil får orientering om at omfanget av verjemålet er endra.

Verje ved vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9

Ved vedtak om bruk av tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, skal personen vedtaket rettar seg mot høyrast i vedtaksprosessen.

Dersom vedkomande ikkje har verje frå før, må kommunen melde frå om behov for verje i samband med vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Er det oppnemnd verje tidlegare, må mandatet endrast slik at det går særskilt fram at verja sitt mandat omfattar å ta hand om  han eller ho skal ta hand om verjehavar sine interesser ved slike vedtak.

Kommunen, ved den som har det overordna faglege ansvaret for vedtaket, må melde frå til oss om behov for endring av mandat til å omfatte oppgåver knytt til Helse- og omsorgstenestelova kap 9. Det bør opplysast kort om kva tiltaket går ut på. 

Vidare må verja samtykke til å ta på seg det utvida mandatet. Ved eit slikt utvida mandat skal ikkje verja ta avgjerder etter helse-og omsorgsteneslova, men skal ta hand om tenestemottakaren sine interesser i vedtaksprosessen og kan i tillegg bringe vedtaket inn for tilsynsmyndigheita og tingretten.

Avslutning av verjemål ved dødsfall

Verja sitt oppdrag fell bort dersom verjehavar døyr. Verja må då avslutte arbeidet sitt, og førebu avsluttande rekneskap for verjeoppdraget.

Rekneskapen skal innehalde fullstendigheitserklæring og kontoutskrifter for alle kontoar verja har disponert for verjehavar. Disposisjonsretten til verjehavar sin konto vil automatisk falle bort kort tid etter dødsfallet, slik at verja bør hente ut kontoutskrifter så snart han eller ho vert kjent med dødsfallet. 

Etter dødsfallet har verja ikkje lenger rett til å gjere disposisjonar på vegne av verjehavar. Verja må likevel varsle arvingane og/eller tingretten dersom det er nødvendig å gjennomføre enkelte disposisjonar for å hindre tap eller andre rettslege konsekvensar.

Pårørande vil i dei fleste tilfelle melde dødsfallet til tingretten, og ta ansvar for gravferd for avdøde. Om verjehavar ikkje har pårørande eller dei ikkje tek hand om gravferda, har kommunen ansvar for gravferda. Dette følgjer av gravferdslova, § 9.

Dersom verja har uteståande krav på godtgjering, sender verja søknad til Statsforvaltaren på vanleg måte. I saker der verjehavar sjølv har dekt godtgjering til verje, sender verja vedtaket om godtgjering til buet etter avdøde for utbetaling. Dersom Statsforvaltaren skal dekke godtgjeringa på grunn av verjehavar si låge inntekt/formue, vil vi betale ut godtgjering etter godkjenning av søknaden frå verja.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.