Verjemål

Kvinne med telefon. Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig
Kvinne med telefon. Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig (Foto: Pixabay)

Ei verje sikrar interessene til ein person som anten er mindreårig, eller som har fått oppnemnt verje. Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.

Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. 

Fylkesmannen vart lokal verjemålsmynde frå 1. juli 2013, og er førsteinstans på verjemålsområdet. På landsbasis forvaltar fylkesmannen rundt 72 000 verjemål og finansielle midlar til ein verdi av over 19 milliardar kroner. 

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Fylkesmannen.

Vis meir


01.11.2019

Rapport om framtidsfullmakt

Ny rapport om framtidsfullmakter har kartlagt dagens ordning og foreslått endringar. Rapporten er utarbeidd av Høgskulen i Innlandet i samarbeid med Universitetet i Bergen, på oppdrag frå Statens sivilrettsforvaltning. 

20.06.2019

Saksbehandlingstid i verjemålsseksjonen

På grunn av ein krevjande ressurssituasjon og høge restansar har vi for tida følgjande saksbehandlingstider:

20.06.2019

Redusert opningstid på telefon hjå verjemål

Vi har for tida ein krevjande ressurssituasjon og høge restansar på verjemålsseksjonen.

18.06.2019

Oppgradering av Mine vergemål

Etter ei tid med oppgradering av nettstaden Mine vergemål er den no tilgjengeleg med nye funksjonar og med meir informasjon.

13.06.2019

Verjerekneskap - utvida rekneskapsplikt

Den som leiger ut fast eigedom eller driv næringsverksemd for ein person han eller ho er verje for, har såkalla utvida rekneskapsplikt. Frist for innsending er 30.juni.

16.05.2019

Nedetid for Mine vergemål og ny versjon

I perioden 20.05.19 til 17.06.19 vil løysinga Mine vergemål vere utilgjengeleg for verjene på grunn av vedlikehald og oppgradering.

14.05.2019

Skal du sende melding til verjemål?

Vi oppmodar om å nytte tenesta "Sikker melding" når du kontaktar Fylkesmannen. Dette er ei sikker løysing som også kan brukast til å sende sensitive opplysningar. 

29.04.2019

Video om utfylling av verjerekneskap

Har du framleis ikkje levert inn verjerekneskap?

25.04.2019

Originaldokument til samtykkepåteikning

Har du ei sak om salg/kjøp av fast eigedom, gjeldsstifting eller pantsetjing på vegner av verjehavar?

23.04.2019

Påminning om innlevering av verjerekneskap

Fristen for å sende inn verjerekneskap for 2018 er 30. april 2019.

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel

Kontaktinformasjon

Finn du ikkje informasjonen du treng på nettsida? Sjå først på sida ofte stilte spørsmål.

 

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

fmvlpost@fylkesmannen.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 1200-1400.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Liv Sørevik, seksjonsleiar


Ane Hatletveit
Anne Mari Aase
Anne Siri Nytveit
Elin Halrynjo
Gunn Anita Krydsby
Henriette Klingenberg
Idunn Brandshaug Horvei
Jeaneth Bjørndal
Karine Menes Helset
Karsten Grimstad
Kjersti Pedersen
Kjersti Solheim Eide
Kristine Tveitane Hansen
Kristoffer Mellingen
Laila Bugge Dahle
Linda Antonesen
Marianne Ingebrigtsen
Monica Nes
Nina Golten Andersen
Pia Henriette Davanger Angel

Rikard Fadnes
Rune Rivedal
Serine Margareth Ammerud Lautizen
Silje Kristin Hagerup Mølmesdal
Siri Monclair
Stian Stensrud
Tom Debu Nesvåg
Tone Nærum
Trond Morten Krey