Investeringsmidlar til tiltak i beiteområde 2019

(Foto: Magnar Kvam, Luster beitelag / Fylkesmannen i Vestland)

Fylkesmannen i Vestland lyser med dette ut investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2019. Totalt er ramma på 2 300 000 kroner.

Om tilskot til tiltak i beiteområde

Formålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.

Midlane skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04-206). Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Døme på aktuelle tiltak:

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
  • Gjetarhytter/sankehytter
  • Elektronisk overvakingsutstyr

Prioriteringar for 2019

  • Investeringar i teknologi knytt til beitebruk
  • Faste installasjonar og kostnadskrevjande investeringar

Rettleiande timesatsar for eige arbeid

  • Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l): 350 kr/time
  • Bruk av traktor : 600 kr/time
  • Gravemaskin: 800kr/time (eller etter rekning)

Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda.

Søknad

Beitelag sender søknad om tilskot til kommunen.
Søknadsfrist 1. mars 2019. Du finn søknadsskjema i feltet til høgre. Hugs naudsynte vedlegg, som kart og løyver mm. Kommunen sender søknaden vidare til fylkesmannen si landbruksavdeling saman med sin uttale innan 22. mars.

Søknadsfrist:
01.03.2019 23:59:00
Målgruppe:
Beitelag
Ansvarleg:
FMVL Landbruksavdelinga
Kven kan søkje:
Beitelag

Lenkjer