Tilbod til barn og unge med behov for langvarig og samansett oppfølging

Tilskotet skal bidra til å styrkje tilbodet til barn og unge som har behov for langvarig og samansett oppfølging ved å etablere heilskaplege, samtidige og verksame tenester frå ulike nivå og sektorar.

Tilskotet skal sjåast i samanheng med tilskotet Tilbod til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester. 

Søknad om tilskot 2020

Søknadsskjema finn de under fana «Dokument».

Les regelverket for tilskotet nøye før de fyller ut søknadsskjemaet.

Sjå særleg kapittel 4 om tildelingskriterium.

Søknadsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: fmvlpost@fylkesmannen.no innan 1. mars 2020.

Les meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet.

Rapportering på tilskot 2019

Skjema for rapportering finn du under «Dokument».  

Rapporteringsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: fmvlpost@fylkesmannen.no innan 1. mars 2020.

Revisorattestert rekneskap skal sendast innan 31.3.2020.

Den nye kommunen har ansvar for å oppfylle dei krava som er stilt i tilskotsbrev i 2019 til dei kommunane som no inngår i ny kommune.

Ved rapportering og søknad om vidareføring av tilskot, er dette framgangsmåten:

Det skal rapporterast særskild for kvar av dei tidlegare kommunane som har motteke tilskot. Ny kommune skal søke om vidareføring av tilskot der dette er aktuelt.

 

Søknadsfrist:
01.03.2020 23:59:00
Målgruppe:
Barn og unge med psykiske- eller rusrelaterte problem og lidingar som treng tidleg utgreiing, behandling, oppfølging og støtte, og dei som lever med høg risiko for å utvikle psykososiale vanskar og deira familiar
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søkje:
Kommunar, statlege føretak (RHF, HF) og kommunar og helseføretak i lag
Rapporteringsfrist:
01.04.2021 23:59:00