Etablering og drift av dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens

Målet med tilskotsordninga er å stimulera til drift av eksisterande tilbod og etablering av nye, tilrettelagde dagaktivitetsplassar.

Brukarane av dagtilbodet skal ha ein demensdiagnose eller vera under utgreiing for demens.

Helse- og omsorgsdepartementet har vedteke nytt tilskotsregelverk for 2019. Vidareføring av tilskot for 2019 vert gjort på bakgrunn av det talet plassar kommunen rapporterte å ha i drift ved utgangen av 2018. Rapportering med søknad om vidareføring, skal sendast inn via Altinn som "søknad om vidareføring". Du kan lesa meir om tilskotsordninga og senda inn søknad på nettsida til Helsedirektoratet

Søknadsfrist:
31.10.2019 23:59:00
Målgruppe:
Heimebuande personar med demens eller som er under utgreiing
Ansvarleg:
Helsedirektoratet
Kven kan søkje:
Kommunar