Tilskot til utsiktsrydding

Tilskot til utsiktsrydding knytt til jordbruket sitt kulturlandskap skal gje auka utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt til landbruket sitt kulturlandskap. Fylkesmannen har diverre ikkje fått tildelt nye midlar til utsiktsrydding for søknadsomgangen 2019.

Restmidlane frå dei fylkesvise rammene som Landbruksdirektoratet tildelte fylka i 2018 vert såleis vidareført som fylkesvise rammer for søknadsomgangen 2019:

  • Tilskotsramme for Hordaland 2019 (restmidlar frå 2018) ca 300 000 kr
  • Tilskotsramme for Sogn og Fjordane 2019 (restmidlar frå 2018) ca 3 mill kr

Alle føretak som er registrerte i Einingsregisteret og som ønskjer å rydde vegetasjon for å auke utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt til landbruket sitt kulturlandskap kan søkje på ordninga. Dersom søkjar ikkje er grunneigar eller rettshavar, må det føreligge skriftleg løyve til tiltaket frå desse.

Søkjarane skal sende søknaden til kommunen der tiltaket skal gjennomførast. Kommunane sender si tilråding til Fylkesmannen, som gjer vedtak om tilskot.

Det er ingen søknadsfrist. Søknadane vert handsama fortløpande etterkvart som dei kjem inn, men søknadane må vera innsendt til Fylkesmannen innan 1.oktober.

Meir informasjon finn de i nettartikkelen: Tilskot til utsiktsrydding

 

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
01.10.2019 23:55:00
Målgruppe:
Føretak som ønskjer å rydde vegetasjon for auka utsikt til landbruket sitt kulturlandskap
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Alle føretak som er registrerte i Einingsregistertet og som ynskjer å rydde vegetasjon for å auke utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt til landbruket sitt kulturlandskap.